Nyhet
16.02.2009

Årets søvnartikkel til BTR

Prisen for årets beste publikasjon innan søvnforskning i Noreg i 2008 går til Siri Omvik, Børge Sivertsen, Ståle Pallesen, Bjørn Bjorvatn, Odd E. Havik og Inger Hilde Nordhus for "Daytime functioning in older patients suffering from chronic insomnia: Treatment outcome in a randomized controlled trial comparing CBT with Zopiclone" publisert i Behaviour Research and Therapy 2008 vol. 46, no. 5.

Prisen er på 10.000 NKr.

Frå grunngjevinga: Artikkelen tek føre seg eit viktig, men ofte forsømd område innan behandlingsstudier av insomni, nemlig dagtidsfungering. I artikkelen vert insomnikere samanlikna med ei frisk kontrollgruppe. Resultat frå ei undersøking om behandling (zopiklone vs. CBT) inngår og. Eit bredt spekter av selvrapporteringsmål er brukt for samanlikning og som utfallsmål. Ei anna styrke ved studien er at objektive mål på dagtidsfungering og inngår.

Link til artikkelen