Grunnlovsforsking
Grunnlovsjubileet i 2014 skal feirast, men det skal òg stimulera til debatt og refleksjon om vilkåra for demokratiet og kva utfordringar demokratiet står overfor i dag.
Forskingsrådets Grunnlovsprogram har løyvd 26 millionar til åtte forskingsprosjekt om kva rolle Grunnlova har hatt og har for utviklinga av Noreg som demokratisk stat. UiB fekk løyving til eitt prosjekt.
Forskingssatsinga går over tre år og skal stimulera til ein konsentrert forskingsinnsats fram mot jubileet i 2014. Programkomiteen for satsinga skal sikra at det er god kommunikasjon mellom prosjekta og også leggja til rette for faglege og breie debattar i det offentlege rommet.
Prosjekt ved UiB
Prosjektet Constitution, welfare state and citizenship var eitt av dei åtte prosjekta som fekk midlar frå Forskingsrådet. Søknaden vart sendt frå Demokrati og rettsstatsatsinga og vert administrert av Det juridiske fakultetet. Henriette Sinding Aasen er prosjektleiar. Prosjektet har med forskarar frå Det juridiske fakultetet, Uni Rokkansenteret og CMI.
Prosjektet skal gje ny innsikt om samanhengane mellom Grunnlova og utviklinga av den norske velferdsstaten. Kva type sosial kontrakt vart inngått mellom staten og borgarane med Grunnlova av 1814? Gjennom ei historisk tilnærming og komparativt perspektiv skal forskarane studera ulike idear om statsborgarskap, sosial velferd og internasjonale menneskerettar.
Eit anna av dei innvilga prosjekta har òg deltaking frå Bergen. Historikar og forskingsleiar Svein Ivar Angell ved Rokkansenteret er med i prosjektet Grunnloven som nasjonalt symbol ved Stiftelsen kirkeforskning. Her spør forskarane kva betydning Grunnlova av 1814 har for nasjonal identitet i dagens Noreg. Dette prosjektet skal studera korleis nasjonal identitet vert konstruert og rekonstruert i dei årlege 17. mai-feiringane og korleis etniske og religiøse minoritets- og majoritetsgrupper deltek i og opplever grunnlovsfeiringa. Svein Ivar Angell skal sjå på korleis Den norske kyrkja markerte grunnlovsjubilea i 1914 og 1964.
Faglege møteplassar
Demokrati og rettsstat arrangerte hausten 2010 ei forskarsamling om utlysinga og om korleis miljøa i Bergen kan samarbeida om faglege aktivitetar og arrangement i tida fram mot jubileumsåret. Ei rekkje forskarar og miljø har relevant pågåande forsking, og det vart sendt til saman åtte søknader til Grunnlovsprogrammet. Både desse og andre miljø vil ta del i vidare fagleg samarbeid for å løfta fram problemstillingar om demokrati og folkestyre, makt og politisk deltaking, grunnlov og rettsstatsprinsipp, menneskerettar, statsborgarskap og medborgarskap, mm.
Demokrati og rettsstat vil i tida fram mot 2013, 2014 og 2015 ta initiativ til ulike typar arrangement og seminar og leggja til rette for å skapa møteplassar med debatt og drøfting av dei verdiane vi markerer i dei tre demokratijubilea - 100 år med stemmerett for kvinner i 2013, 200 år med Grunnlova i 2014 og 200 år med Noregs Høgsterett i 2015.
Stortingets president på seminar i Bergen 5. april
Stortingets president Dag Terje Andersen er på Vestlandstur i starten av april, og tysdag 5. april held han føredrag om demokratisk deltaking og folkeleg makt på eit ope seminar som Demokrati og rettsstat arrangerer på Studentsenteret. Andre innleiarar på seminaret er Jørn Øyrehagen Sunde, Anders Johansen, Anne-Hilde Nagel, Yngve Flo og Siri Gloppen. Rektor Sigmund Grønmo opnar seminaret og Anne Lise Fimreite er ordstyrar. Seminaret har tittelen Folkemakt, grunnlov og vilkår for politisk deltaking og alle er velkomne til å vera med og ta del i debatten.
Til hausten planlegg programstyret for Demokrati og rettsstat eit seminar om grunnlovsforsking ved UiB og andre forskingsinstitusjonar i Bergen.
Sist endret: 15.3.2011
Nyheter fra Demokrati og rettsstat
- Skinner heldt den fyrste 1814- førelesinga (04.06.2012)
- Internasjonalt søkelys på frihet (04.06.2012)
- Grunnlova og menneskerettane (28.03.2012)
- Indias grunnlov og likhetspolitikken (25.11.2011)
- Felles ansvar for det offentlige rom (22.11.2011)