Mot ei moderne grunnlov
Bør menneskerettane få eit sterkare vern gjennom Grunnlova, og i så fall: Korleis skal det gjerast? Eit seminar på Litteraturhuset nyleg avdekte mange ulike syn på desse spørsmåla.
– Korleis kan vi sikre at desse gode verdiane ikkje berre blir brukte i festtalar, men blir opphøgde til å gjelde dei politiske institusjonane våre og dei generasjonane som kjem etter oss? sa leiar for Norsk senter for menneskerettar, Nils A. Butenschøn, då han opna seminaret på Litteraturhuset.
Meir enn 220 engasjerte deltakarar møtte fram på Litteraturhuset den 15. september for å drøfta korleis Grunnlova bør verna om menneskerettane. Problemstillinga vart reist i tilknyting til den offisielle lanseringa av SMRs Årbok om menneskerettigheter i Norge, 2010.
Les melding frå arrangementet i Uniforum
Sjå og oppslag på nettsida til Norsk senter for menneskerettigheter, Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo
Sist endret: 26.9.2011
Nyheter fra Demokrati og rettsstat
- Politisering av menneskerettigheter (29.05.2013)
- Grunnlovssymposium (22.02.2013)
- Skinner heldt den fyrste 1814- førelesinga (04.06.2012)
- Internasjonalt søkelys på frihet (04.06.2012)
- Grunnlova og menneskerettane (28.03.2012)