Gå til innhold
English A A A

Master på EvoFish

Lyst på master? Me har spennande prosjektar, sjå her!

EvoFish

Formålet for gruppa er å bruke evolusjonær tankegang for å svare på fundamentale og praktiske spørsmål innan marin og fiskeribiologi.

Vi er spesielt interessert i evolusjonære konsekvensar av fiske: kva slag endringar er kan vi rekne med og kor vanlege er desse, kva for økologiske og sosioøkonomiske konsekvensar kan fiskeridriven evolusjon ha, og kva for forvaltningstiltak kan takast i bruk for å redusere uønska endringar?

profiltekstbilde
forsidebilde

EvoFish er ei ung og dynamisk gruppe med gode kontaktar både lokalt (Havforskningsinstituttet, Senter for ressursøkonomi ved Norges handelshøyskole), nasjonalt (Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, NTNU Trondheim) og internasjonalt (nordiske land og resten av Europa, Nord- og Sør-Amerika, Kina). For tida arbeider 10 forskarar, postdoktorar og doktorstipendiatar i EvoFish.

Vi har bakgrunn frå ulike forskingsmiljø, og representer derfor vid erfaring innan fiskeribiologi og fiskeriforvaltning samt relaterte forskingsfelt som populasjonsdynamikk, livshistorieteori, evolusjonar økologi, åtferdsøkologi, økofysiologi, biologisk oseanografi og anvendt matematikk. Vi har breie metodologiske kunnskapar (statistikk, modellering, eksperimenter), og er internasjonalt i front innan forsking og metodeutvikling i vårt fagfelt.

Vi satser på jamleg oppdatering av den engelske versjonen av desse sidene. Gå til Evofish på engelsk.