Dialektendringsprosessar
NFR 2008-2011 Prosjektleiar: Helge Sandøy
Eit prosjekt finansiert av Norges forskningsråd 2008 - 2011.
Organisering
Prosjektleiar: Helge Sandøy.
Styringsgruppe: Gunnstein Akselberg, Gjert Kristoffersen, Helge Sandøy
Tilsette: Postdoktor Ragnhild Anderson, forskar Bente Selback
Tilknytte MA-studentar: Maria-Rosa Doublet, Marie Fossheim, Marianne Valeberg Nornes, Silje Villanger, Kristine Nymark Aasen, Kathrine Aasmundseth
Mål
Hovudmålet for dette prosjektet er å utvikle innsikt i moderne dialektendringsprosessar og forholdet mellom samfunnsendring og språkendring.
Delmåla er
- å digitalisere og transkribere opptak frå fem eldre dialektstudiar frå sirka 1980 på Vestlandet
- å samle inn nytt materiale frå dei same fem plassane på Vestlandet. Dette nye materialet skal også digitaliserast og transkriberast
- å lage analysar av språkendringar i verkeleg tid med tanke på endringsgrad, endringstypar og endringsretning
- å samle opplysningar sosiale og samfunnsmessige endringar for å kunne beskrive studere korleis dei kan vere vilkår for språkendringane
Teoretisk bakgrunn
Norske dialektar er sjølvsagt i endring - som alle andre dialektar. Men det er ulike meiningar om korleis dei endrar seg, i kva retning, kor fort og korfor. Det kan vere stor forskjell på vurderingane åt lekfolk og åt fagfolk i oppfatninga av korleis dialektane forandrar seg, først og fremst pga. dei ulike føresetnadene for å observere med grunnlag i språkvitskaplege modellar. Men også blant fagfolk er det svært ulike syn, for det er usemje om perspektiv og vektlegging. Mens amerikansk dialektologi og sosiolingvistikk - særleg William Labov - legg stor vekt på divergerande tendensar i språkutviklinga, har europeisk dialektforsking framheva dei konvergerande tendensane og sett dei som overordna. Innafor konvergeringsperspektivet har det vore vanleg å sjå på standardmålet som påverknadskjelde, og at drag ifrå det blir spreidd nedover i ein hierarkisk samfunnsstruktur med dialektnivellering som resultat. Dermed følgjer språkendringsprosessen same mønsteret som ein ser i samband med spreiinga innafor andre kulturdomene. Prestisje og autoritet er dermed viktige påverknadsfaktorar. (Kerswill o.fl. 2005.) Innafor divergeringsperspektivet ser ein òg etter tendensar og innovasjonar som oppstår uavhengig av prestisjefaktorar og standardspråk i storsamfunnet. Prosjektet Dialektendringsprosessar håpar på å kunne tilføre ny innsikt i denne diskusjonen.
Ein kritisk refleksjon til dei nemnte perspektiva er at sjølve førestillingane våre om endringstendensane kan vere påverka av ideologiske styringar, dvs. at dei er prega av dei allmenne oppfatningane av sosialt og kulturelt sterke og svake krefter, slik at det blir tatt for gitt at "den sterke sigrar". Sjølve oppfatningane blir såleis ein del av eit rådande kulturelt hegemoni. Dette er mogleg fordi vi framleis har for dårleg kontroll på dei slutningane vi drar, noko som kjem av at vi har mangla godt nok datagrunnlag til nøyaktige kontrollar, og vi har for lite erfaring med å utvikle modellar for systematiske språkstrukturelle og sosiale jamføringar som er uavhengige av dei kulturelle stereotypiane og førehandsinntrykka våre.
Prosjektet studerer endringar i språk og samfunn gjennom djupstudiar i fem språksamfunn. Tidsramma for datagrunnlaget er 1970–2010. For kvar stad samlar ein inn data som kan beskrive a) samfunnsmessige og sosiale endringar i kommunen/bygdene/bydelane, og b) endringar i språkbruk, språkholdningar og språkleg bevisstheit. Når det gjeld siste punktet, byggjer prosjektet på denne modellen for relevante språkdata:
1) språkbruk (struktur og variasjon)
2) førestillingar 3) underbevisste holdningar
Prosjektet har dermed tre typar gjensidig uavhengige språklege datasett til bruk for analysen av dei fem språksamfunna:
1) språkbruksdata – innsamla ved lydopptak
2) (bevisste) førestillingar om språk og dialektar – innsamla ved hjelp av intervju
3) underbevisste holdningar til språk – innsamla ved hjelp av testar.
For språkbruksstudiane tar vi utgangspunkt i 26-40 år gamle granskingar med samtaleopptak frå dei fem undersøkingsstadane og jamfører dei med nyinnsamla materiale. Dermed kan vi studere endringar i verkeleg tid. Det innsamla materialet blir analysert i mange enkeltstudiar (mellom anna masteroppgåver), og dei overordna sluttresultata blir presentert i ein sluttrapport.
Delprosjekt
|
Ragnhild Anderson: Språkhaldningar og språkbruk på Vestlandet Delprosjektet tek opp desse spørsmåla:
Kva har skjedd med språket på ein stad etter 30 år? |
|
|
Maria-Rosa Doublet: Hvor pent snakkes det i Fana? En vanlig påstand som går igjen i Bergensområdet er at flere er negative til ”det å snakke fint, sånn som man gjør i Fana.” Men snakker egentlig beboerne i Fana så ”pent?” Er for eksempel ”jei”-variabelen så frekvent blant Fana-ungdom? Og bruker de i tilfelle bare pronomenet når de er bevisste på det, for å skape en tilhørighet til bydelen sin og avstand til resten av byen? |
|
|
Marie Fossheim: Midøya − Fra to til ett språksamfunn? Midøya er ei av tre øyer i Midsund kommune i Romsdalen. Frem til 1965 gikk fogderigrensen tvers over øya; den søre delen tilhørte Sunnmøre, og den nordre delen tilhørte Romsdalen. Denne grensen har skapt to svært ulike dialekter tett på hverandre. I 1965 ble det gjort en gransking av talemålet på øya. Jeg er nå i gang med å jamføre dette materialet med nytt materiale for å finne ut hva som har skjedd med talemålene. Midøya har i lang tid vært preget av samfunnsmessig stabilitet, men kan vi si det samme om talemålet? Finner vi ett eller to språksamfunn på øya i dag? |
|
|
Marianne Valeberg Nornes: ”Talemålet i Bergen sentrum – høgstatus, lågstatus eller noko midt i mellom? Prosjektet mitt skal handla om språkendringar i Bergen sentrum. Eg skal jamføra nyinnsamla materiale med det tidlegare "Talemål hos ungdom i Bergen" (TUB), ei sosiolingvistisk gransking som samla inn materiale med ungdomsskuleelevar i Bergen i 1978. Ved å bruka gammalt og nytt materiale frå same området skal eg sjå på kva som har skjedd med språket i Bergen sentrum i løpet av 30 år. |
|
|
Helge Sandøy: Dialektendringar og samfunnstypar Målet her er å typologisere samfunnsendringar og å sette resultat frå norske språkendringsstudiar inn i denne typologien for å kunne sjå tydelegare dei sosiale makro-vilkåra for endringsprosessar. For å kunne jamføre prosessane i ulike typar må det også utviklast ein jamføringsmodell, som vil vere eit forsøk på å kvantifisere språkendringar. Materialet frå Dialektendringsprosessar vil utgjere viktigaste datagrunnlaget for modellutviklinga, men prosjektet vil òg dra inn andre historiske data frå norsk talemålsforsking. Dessutan omfattar det underprosjektet Prøver af Landsmaalet (1853) − revisited, som skal beskrive språkendring i Norge over 200 år ved å "oppdatere" dialekttekstane Ivar Aasen gav ut. |
|
|
Silje Villanger: Utviklinga i øygardsdialekten Øygarden kommune ligg i Hordaland fylke og har gjennomgått store omkalfatringar dei siste 27 åra. Mellom anna har kommunen blitt ferjefri, og avstanden til Bergen har såleis blitt mindre. Eg skal undersøkja talemålet i kommunen ved å ta opp att ei gransking frå 1983. Det materialet som då vart samla inn, skal eg samanlikna med nye opptak eg har gjort. På denne måten skal eg prøva å finna ut om det har skjedd språkendringar i øysamfunnet, og kva som kan ha ført til dei eventuelle endringane. |
|
|
Kristine Nymark Aasen: Språkendring i ein vestnorsk by Dette prosjektet skal studere dialektendring i ein vestnorsk by. Eg vil gjere ei oppfølgingsgransking der eg tek føre eit meg tidlegare innsamla ungdomsspråksmateriale frå området. Gjennom analysar av språkendring i verkeleg tid vil eg freiste å seie noko om dialektendring i denne byen. |
|
|
Kathrine Aasmundseth: Bergenser og stril – dialektholdninger i Øygarden kommune Undersøkelsen gjelder holdninger til og forestillinger om dialekt i Øygarden kommune utenfor Bergen. Materialet mitt er todelt. Det består av en kvantitativ del med masketest, dialektplassering og dialektrangering, og en kvalitativ samtaledel med perseptuelle kart og folkelingvistisk inspirerte intervju. Jeg ønsker å finne ut om holdninger til egen og andres dialekt kan bidra til å forklare endringer i talemålet i Øygarden. Hvordan er forholdet mellom de bevisste og de underbevisste holdningene i Øygarden? Er det de bevisste eller underbevisste holdningene som samsvarer med tendensen i talemålsendringene i området? |
Sist endret: 24.2.2010
- Språkendring
- Nordisk
- Språkvitenskap
Les andre saker om tema:
Last ned filer
- Full prosjektskildring (PDF-fil, 151 Kb)