Ny norsk språkhistorie
Hovudredaktørar: Ernst Håkon Jahr (UiA) og Helge Sandøy (UiB)
Prosjektet utvikla som samarbeid mellom nordisk-miljøa ved norske universitet og høgskolar.
Redaksjonsgruppe:
Tove Bull, Universitetet i Tromsø
Brit Mæhlum, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Michael Schulte, Høgskulen i Volda
Helge Sandøy, Universitetet i Bergen
Lars S. Vikør, Universitetet i Oslo
Inge Særheim, Universitetet i Stavanger
Ernst Håkon Jahr, Universitetet i Agder
Kristin Bakken, Nasjonalbiblioteket, Oslo
Mål:
I 2014 er det 200-årsjubileum for grunnlova, staten og nasjonen Noreg. Då bør vi ha skaffa oss eit nasjonalt språkhistorisk verk. I Noreg vantar vi heilt ei fagleg og samlande språkhistorisk framstilling.
Prosjektet ”Ny norsk språkhistorie” skal dekkje ulike behov og har såleis fleire mål.
1. Språkhistoria tar mål av seg til å bli eit oppdatert og moderne (basert på nyare forsking) fagleg referanseverk (til liks med referansegrammatikken). Målet er så ambisiøst som å skrive den første store samanhengande norske språkhistoria!
2. Verket skal beskrive (og forklare) utviklinga av norsk språk (talt og skrive) frå dei tidlegaste tidene vi kan dokumentere eksistensen av ”norsk”, til i dag.
3. Så langt kjeldegrunnlaget gjev rom for det, skal beskrivinga vere både ”indre” og ”ytre”. Språkkontaktperspektivet er viktig, ikkje minst fordi det er så mangelfullt behandla i tidlegare framstellingar.
4. Språkhistoria skal inkludere ikkje-norske språk som har hatt heimvist i Noreg, deira historie og stilling i Noreg, for å skape innsikt i språksosiale forhold slik dei har komme uttrykk og vore under endring gjennom tidene.
5. Språkhistoria skal gje ny innsikt i og ny forståing for samanhengar i norsk språk og det norske språksamfunnet.
6. Det skal bidra til refleksjon om språk, språkleg variasjon og språkendring.
7. Det skal gje innsikt i og forståing for (konstruksjonen av) norsk identitet gjennom tidene.
8. Verket skal ha ei form som er tilpassa målgruppa, det vil seie fagfolk, forskarar, studentar og den opplyste ålmenta.
Bind 1: Norsk språkhistorie – kronologisk oversyn
bindredaktør: Ernst Håkon Jahr, ferdig i 2015
|
Kapittel |
Emneredaktør |
|
1. Kjeldene åt språket, innleiing |
Ernst Håkon Jahr |
|
2. Førhistorisk ( ‑700) |
Michael Schulte |
|
3. Vikingtid/Eldre gammalnorsk (700–1050) |
Michael Schulte |
|
4. Norsk mellomalder/Yngre gammalnorsk (1050-1350) |
Odd Einar Haugen |
|
5. Seinmellomalder / Mellomnorsk (1350–1536) |
Endre Mørck |
|
6. Ny tid / Moderne norsk (1536–1814) |
Oddvar Nes og Kjell Lars Berge |
|
7. Etter dansketida (1814–1905) |
Oddmund Hoel |
|
8. Det nye Norge (1905–1945) |
Ernst Håkon Jahr |
|
9. Det moderne Norge (1945–) |
Lars S. Vikør |
Bind 2: Struktur og variasjon
bindredaktør: Helge Sandøy, ferdig i 2014
|
Kapittel |
Emneredaktør |
|
1. Føresetnader for endring, m.a. kontaktlingvistiske |
Helge Sandøy |
|
2. Fonologi |
Gjert Kristoffersen |
|
3. Morfologi |
Hans-Olav Enger |
|
4. Syntaks |
Endre Mørck |
|
5. Leksikologi, semantikk, etymologi |
Tor Erik Jenstad |
|
6. Sjanger, tekst og register (stil) |
Kjell Lars Berge |
Bind 3: Språk i bruk
bindredaktør: Brit Mæhlum, ferdig i 2014
|
Kapittel |
Emneredaktør |
|
1. Samtale |
Jan Svennevig |
|
2. Skriftkunne og språkmedium (runer-SMS) |
Jan Ragnar Hagland |
|
3. Sosial og geografisk variasjon, utjamning og ny variasjon |
Gunnstein Akselberg |
|
4. Namn (stadnamn, personnamn, båtnamn ...) |
Inge Særheim |
|
5. Fagspråk |
Johan Myking |
|
6. Andre språk i Noreg (latin, samisk osv.) |
Tove Bull |
|
7. Norsk som andrespråk |
Lars Anders Kulbrandstad |
Bind 4: Språkideologi
bindredaktør: Tove Bull, ferdig i 2014
|
Kapittel |
Emneredaktør |
|
1. Norsk språkhistorieskriving |
Ernst Håkon Jahr |
|
2. Idéhistoriske jamføringar med utlandet |
Tore Jansson |
|
3. Ideologiar, førestillingar, holdningar, språkdiskurs |
Helge Sandøy |
|
4. Nasjonale og regionale identitetar |
Brit Mæhlum |
|
5. Standardspråk, normering, korrektheit |
Lars Vikør |
Sist endret: 12.12.2010
- språkhistorie
- Nordisk
- Språkvitenskap
- Historie