Gå til innhold
English A A A

Språkutvikling på industristader


NFR 2010-2013. Prosjektleiar: Gunnstein Akselberg

Språkutvikling på industristader. Ei longitudinell sosiolingvistisk gransking av talemåla i Årdal, Tyssedal, Odda og Sauda

Prosjektet "Språkutvikling på industristader", som Forskergruppe i samfunn og språkendring (FORSE) står bak, blir finansiert av Norges forskningsråd i tre år frå 2010 med mellom anna to stipendiatar. Professor Gunnstein Akselberg er prosjektleiar.

Målet for prosjektet er å kartlegge og forstå talemålsutviklinga dei siste hundre åra på fire industristader, for på den måten å vinne innsikt i sosiale og språklege faktorar som gjeld i språkendringsprosessar.

Årdal, Odda, Tyssedal og Sauda er alle industristader som vaks fram i løpet av 1900-talet, og dei hadde ein svært rask auke i folketalet. Tilflyttinga kom frå heile landet og frå utlandet, og i løpet av kort tid vart det bygd opp heilt nye samfunn på desse stadene. I etableringsfasen var stadene både sosiale og språklege smeltegryter, og lokale språklege førebilete mangla i større eller mindre grad fordi dei som budde i området før, var for få i høve til innflyttarane til å kunne "nøytralisere" dei språkleg. Språksituasjonen på slike nye industristader representerer ein unik laboratoriesituasjon med tanke på å undersøkje faktorar som verkar inn på språkendringar. Prosjektet skal kartlegge dialektane til dei ulike generasjonane i desse bygdene medan den generasjonen som etterfølgde innflyttarane framleis er i live. Slik kan ein oppnå større innsikt i koinéisering, eit særtilfelle av dialektkontakt der nye kontaktar oppstår som følgje av språkbrukarar med gjensidig forståelege dialektar.

Prosjektet er todelt. I ein synkron studie vil ein gjennom nyinnsamling av talemålsdata frå tre nolevande generasjonar studere språksituasjonen og mønster i språkvariasjonen på dei fire industristadane i dag. Ved hjelp av eldre talemålsdata vil ein òg beskrive språkendringane diakront og freiste forstå språklege utviklingsliner i tida frå etter industrietableringa og fram til i dag.

Prosjektet har ei budsjettramme på i alt omlag 8,6 mill. kroner. Det er tilsett to stipendiatar, og det vil dessutan bli tilsett vitskaplege assistentar i ulike fasar av prosjektet. Gunnstein Akselberg er prosjektleiar i 25 % stilling. Helge Sandøy er knytt til prosjektet i 10 % stilling, og Gjert Kristoffersen er med i styringsgruppa. Det vil også bli rekruttert masterstudentar til prosjektet.

 

To doktorgradsprosjekt

Målet er å kartlegge og forstå talemålsutviklinga dei siste hundre åra på dei utvalde industristadene, for på den måten å vinne innsikt i kva for sosiale og språklige faktorar som har vore avgjerande for talemålsutviklinga på industristadene, noko som òg kan gi oss ny innsikt i språkendringsprosessar generelt. Prosjekta har felles målsetjing, teorigrunnlag og metodar, og undervegs i arbeidet vil sosiale, kulturelle og språklige forhold på dei fire stadene samanliknast. Av di ein skal kunna samanlikna dei to doktorgradsprosjekta på best mogeleg måte, skjer faglege vurderingar om teorigrunnlag og metodevalg i nært samarbeid mellom dei to ph.d.-prosjekta.

Stipendiat Helene Hildremyr arbeider med ei ph.d.-avhandling med arbeidstittelen: Talemålsutvikling på industristadene Odda og Tyssedal siste hundre åra. Ei longitudinell sosiolingvistisk undersøking

Odda og Tyssedal ligg begge i Sørfjorden i Hardanger. Trass i at det berre er seks kilometer mellom stadene, utvikla det seg store ulikskapar mellom dei nye talemåla.

I ein synkron studie vil Hildremyr gjennom nyinnsamling av talemålsdata frå tre generasjonar studere språksituasjonen og mønster i språkvariasjonen på dei to industristadane i dag. Ved hjelp av eldre talemålsdata (både opptak og skriftlege kjelder) vil ho òg beskrive språkendringane diakront og freiste forstå språklege utviklingsliner i tida frå etter industrietableringa og fram til i dag. Dermed får prosjektet eit longitudinelt perspektiv. I nyinnsamlinga vil Hildremyr sørgje for at ein del av informantane også er med i det gamle materialet, mens resten blir tilfeldig utvalde. Arbeidet vil soleis vere både ein panel- og ein trendstudie, og ho vil undersøkje talemålsutvikling både på individ-, gruppe- og samfunnsnivå.

 

Stipendiat Randi Neteland arbeider med ei ph.d.-avhandling med arbeidstittelen: Talemålsutvikling på industristedene Årdal og Sauda de siste hundre årene. En longitudinell sosiolingvistisk gransking

Industristader vert ofte sett på som språklege laboratorium på grunn av at stor tilflytting på kort tid gir intensiv dialektkontakt som kan føre til koinéforming, altså at det oppstår ein ny dialekt.

I tillegg til å undersøkje to geografiske stader, Årdal og Sauda, skal talemålsutviklinga granskast både med utgangspunkt i gamle opptak og beskrivingar (20 år gamle eller eldre) og i nye opptak. Det er eit mål å få dokumentert språket i visse generasjonar både i gamle og nye opptak slik at talemåla kan granskast både i reell tid og i tilsynelatande tid. I slike språklege laboratorium er det kanskje spesielt interessant også å dokumentere talemålsvariasjon og -endring på individnivå, det er derfor også eit mål å intervjue informantar som var med i dei eldste opptaka på nytt. Desse informantane blir då såkalla panelinformantar. Granskingane blir slik sett både trend- og panelstudiar, der talemålet vert undersøkt på individnivå og gruppenivå, i tillegg til det fjernkomparative perspektivet på koinéforming i Sauda og Årdal.

 

 

 

Sist endret: 20.1.2011