FORSE-seminar: Tidleg dialektkontakt i Nord-Noreg
Eldar Heide, UiB
På grunn av stor innvandring til Nord-Noreg, særleg på 1500-talet, skal vi vente å finne spesielt mange dialektkontaktprodukt i nordnorsk, men temaet er langt på veg u-utforska. I dette innlegget skal eg peike på nordnorske bøyingsendingar som ser ut til å ikkje vera lydrette, og prøve å forklare dei ut frå denne dialektkontakten. I bunden form fleirtal av inkjekjønnsord skulle vi vente at det heitte (alle) husa, slik det heiter (den) musa (< húsin, músin), men i heile Nord-Noreg heiter det husan (så nær som på synste Helgeland: [alle] huse, der det heiter [den] muse). I bunden form eintal av linne hokjønnsord er truleg kisto og kistå det lydrette, men desse formene vik for (den) kista, og det har dei truleg gjort sidan lenge før våre eldste kjelder (har Hallfrid Christiansen påvist ut frå stadnamn). Begge desse ikkje-lydrette formene representerer grammatisk forenkling, og ville derfor vera typiske språkkontaktprodukt. Eg føreslår at typen (den) kista og (alle) husan fyrst oppstod i to område med spesielt stor innflytting, nemleg Rana og området ikring Lopphavet, på grensa mellom Troms og Finnmark, og har spreidd seg derifrå. Det er frå før kjent at desse områda har "framande" dialektdrag (Rana austlege og Lopphavet nordvestlandske), men så vidt eg veit har ingen kopla desse områda til grammatisk forenkla former. Eg vil òg komma inn på om det sørvestlandske området som ikkje skil mellom lint og sterkt hokjønn i bunden form (både bygdo og kisto, el. -å) kan ha fått denne forenklinga frå dialektkontakt i Stavanger, og samhøvet mellom den nordnorske apokopen og apokopen i Trøndelag. På bakgrunn av desse vurderingane vil eg prøve å rekonstruere ein del sentral nordnorsk morfologi i tidleg nytid.