Livet etter sjukleg overvekt
Erfaringar med vekttap og kroppsleg endring i eit langtidsperspektiv
I dette prosjektet utforskar vi omfattande vektreduksjon og endring i eit langtidsperspektiv etter overvektskirurgi eller ikkje-kirurgisk vektreduksjon. Det overordna målet er ny og systematisert kunnskap basert på pasientperspektivet. Dette kan støtte fysioterapeutar i behandling og oppfølgjing av sjukleg overvektige pasientar, for å forbetre deira fysiske funksjon, helse, livskvalitet og deltaking i samfunnet.
Det er aukande dokumentasjon på at overvektskirurgi er effektiv behandling av sjukleg overvekt, gjennom å medføre varig vekttap, betre helse og auka livskvalitet. Oppfølgingsstudiar viser likevel at ei undergruppe av overvektsopererte ikkje har tilfredsstillande vekttap, går oppatt i vekt, eller opplever alvorlege komplikasjonar. Overvektskirurgi er ikkje tilgjengelig for alle sjukleg overvektige som søkjer behandling, og konvensjonell behandling (kosthalds rettleiing, trening, kognitive tilnærmingar og medikamentell behandling) gir ikkje effektive og varige vekttap for storparten av dei sjukleg overvektige. Derfor har vi som målsetjing å utforske tidlegare sjukleg overvektige sine langtidserfaringar med vekttap og kroppsleg endring, med eller utan overvektskirurgi. Vi utforskar dei sentrale meiningar og tydingar deltakarane knyter til eigne langtidserfaringar, særskilt retta inn mot endring av levevanar, eigen kropp, samhandling med andre og strategiar for meistring. Forskingsdesignet er kvalitativt og forankra i eit fenomenologisk livsverdsperspektiv. Vi gjennomfører djupneintervju med deltakarar som starta vektreduksjonsprosessen for minst fem år sidan. Analysen vert gjennomført etter fenomenologisk inspirerte analysemetodar. Merleau-Ponty sin kroppsfenomenologi er sentral for å utdjupe deltakarane sine erfaringar.
Projektleder : Eli Natvik
Sist endret: 20.3.2013