Dei nordiske språka er dei fem nasjonalspråka dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk og alle dialektane deira, frå urnordisk tid til vår eiga. Ved Universitetet i Bergen vert det forska på desse språka av tilsette og studentar i hovudsak ved fagmiljøa i nordisk (inkl. norsk som andrespråk og norrøn filologi) og lingvistikk.
Vi som er med i Nordisk grammatikk og semantikk, arbeider med desse språka anten frå ein primært grammatisk synsvinkel, dvs. morfologi (ordbygning) og syntaks (setningsbygning), eller ein primært semantisk synsvinkel, dvs. med utgangspunkt i studiet av språkleg tyding.
