Hjem
Click

Frå handskriftsfragment til bokhistorie

Prosjektleiar: Åslaug Ommundsen
Finansiering: Bergens Forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen
Tilknytt prosjektet: Michael Robert Gullick (ekstern forskar), Astrid Marner (postdoc) og Synnøve Midtbø Myking (stipendiat).

 

Fragment av handskrifter er det viktigaste kjeldematerialet vi har til bokhistoria i Noreg i mellomalderen. Gjennom analysar av eit utval av fleire tusen handskriftsfragment som finst i offentlege samlingar, vil vi utforske vår tidlegaste bok- og skriftkultur.

 

I prosjektet vil vi særleg sjå nærmare på:

• Påverknaden frå regionar og senter i Vest-Europa, med vekt på England (hovudsakleg i sør-aust, inkludert London) og Frankrike (hovudsakleg nord-vest, inkludert Paris)

• Impulsane frå det nordiske kyrkjelege samarbeidet, spesielt med Danmark (Lund) i det tolvte og Island i det trettande hundreåret.

• Utviklinga av bokproduksjonen i Noreg, og korleis lokale scriptoria tilpassa seg internasjonale impulsar i det tolvte og trettande hundreåret.

 

Konferanserapport

Fragmentary Christian Texts of the Middle Ages: Contents, Methods, Challenges, Universitetet i Bergen, 11.-12. april 2016

I april 2016 inviterte prosjektet Frå handskriftsfragment til bokhistorie ei gruppe forskarar til ein todagars konferanse om fragmentarisk tekstmateriale frå forskjellige kristne kulturar i mellomalderen. Første dag var via konferanseinnlegg om fragment frå latinspråklege, bysantinske,...

Virtuelle handskrift på fragment.uib.no

Me har eksperimentert litt med handskriftsfragment og forsøkt å «gjenskape» nokre av mellomalderhandskriftene våre digitalt ved å pusle saman fragmentfoto. Slik blir det lettare å sjå for seg handskriftet som er borte, og i tillegg lettare å syne kva tilstand kjeldematerialet vårt er i.

Me har no lagt ut eit knippe med «rekonstruerte» handskrift. Eit begrensa tal med fragment frå kvart handskrift er bevart, så puslespela våre blir aldri komplette. Men, som dei seier i CSI: «Bitar er alt me treng, så lenge me har dei rette.»

Gå gjerne til fragment.uib.no og ta ein kikk på nokre av handskriftene som var i bruk i kyrkjene her i Noreg i mellomalderen!