Gå til innhold
English A A A

Kunnskap, politikk og organisering

Ivar Bleiklie er leiar for denne forskargruppa. Gruppa samlast på seminarrommet i 2. etasje i Christies gate 17, fredagar frå 10.15 til 12.00.

 

Les meir om forskargruppa på interaktiv.uib.no

profiltekstbilde
forsidebilde

 

Forskargruppa har som mål å studere og forklare korleis relasjonar mellom kunnskap og politikk formar organisasjonar, samfunnsinteresser og politisk åtferd. Vi studerer desse relasjonane på ulike nivå og i samspelet frå det lokale til det globale. Målet for kunnskapsutvikling er å søke etter ny erkjenning og opne opp for større menneskeleg mangfald og kreativitet. For politikken, derimot, er målet å skape eit dominansforhold og sikre hegemoni for bestemte interesser, verdiar og former for verdiskaping. Kunnskapsutvikling søker mot den intersubjektiv nøytraliteten, mot grunnlag for forståing. Politikken søker makt og hegemoni.