Gå til innhold
English A A A

Forskningstema


Forskargruppa har som mål å studere og forklare korleis relasjonar mellom kunnskap og politikk formar organisasjonar, samfunnsinteresser og politisk åtferd. Vi studerer desse relasjonane på ulike nivå og i samspelet frå det lokale til det globale. Målet for kunnskapsutvikling er å søke etter ny erkjenning og opne opp for større menneskeleg mangfald og kreativitet. For politikken, derimot, er målet å skape eit dominansforhold og sikre hegemoni for bestemte interesser, verdiar og former for verdiskaping. Kunnskapsutvikling søker mot den intersubjektiv nøytraliteten, mot grunnlag for forståing. Politikken søker makt og hegemoni.

Til tross for desse motstridande måla kan kunnskap vere eit middel for utforming av politiske virkemiddel for politisk handling. Forskarane, eller profesjonar, kan og framstå som politikarar for å forsvare det dei meiner er den "sanninga" kunnskap har gitt oss, og som dei forvaltar innan sine kunnskapsinstitusjonar eller yrker.Generelt kan vi hevde at kunnskap både søker og blir oppsøkt av makta, ettersom politisk makt føreset kunnskap. Dei to sfærane blir stadig konfrontert med kvarandre, men kan heller ikkje sleppe unna kvarandre. Kunnskap søker ein autonomi den aldri heilt kan nå. Og politikk som i dagens samfunn ikkje er kunnskapsbasert har liten legitimitet eller støtte.


Profesjonar

Arbeidsdelinga i det moderne samfunnet har som føresetnad eit utdanningssystem som både kvalifiserer for og fremmer denne arbeidsdelinga. Og institusjonane i det moderne, t.d. byråkrati, bankar og rettsapparatet, kan berre fungere om dei baserer seg på spesialisert og kvalifisert kunnskap. Denne spesialiserte kunnskapen er det berre eit høgre utdanningssystem som kan. I dag snakkar vi om eit kunnskapssamfunn ettersom ingen institusjonar kan fungere utan ei arbeidsdeling som støtter seg på det høgre utdanningssystem. Alt arbeid er i dag kunnskapsrelatert. I relasjonen mellom arbeid og utdanning blir organisasjonar forma og institusjonelle verdiar gitt meining og symbolsk representasjon. Dette er særleg tydleg i t.d. innan profesjonar. Det er viktig for forskargruppa å vidareføre forskinga på profesjonar som del av studiar av relasjonar mellom kunnskap og politikk.

Forsking og forskinga si organisering – for særnytte og for almennytte

Vi er avhengig av ein kapitalistisk økonomi som er blitt ein ”kunnskapsøkonomi” skapt av ein industrialisme som har fordra vekst i teknisk og naturvitskapleg kunnskap. Likevel veit vi ikkje nok om korleis forskingssystemet og dei forskingsfinansierande organisasjonane påverkar og styrer kunnskapssamfunnet, vi veit lite om korleis relevant profesjonskunnskap blir etterspurt og tatt i bruk, eller korleis arbeidsorganisasjonen former kunnskapskrav i ein innovasjonsprosess. Difor veit vi t.d. også lite om kvifor ”ting går gale” eller om risikoane som følgjer for den enkelte og for samfunnet av måten det etterindustrielle samfunnet utviklar seg på.

Ein kunnskapsøkonomi, innan eit kunnskapssamfunn, blir forma i tråd med politiske prioriteringar, i større grad enn tidlegare økonomiar, nettopp fordi kunnskapsval lar seg påverke og blir styrt av politiske val. Men denne politikken er skjult og ikkje artikulert i det offentlege rommet. Aktørar innan forskingssystemet nyttar kunnskapsargument for å fremme politiske interesser, eller politiske argument for å fremme kunnskapsinteresser. Med andre ord; den særeigne samanblandinga av kunnskap og politikk innan forskingsfeltet gir noen politiske interesser kontroll over utviklinga i kunnskapsøkonomien. Å nøste opp denne samanblandinga vil difor og vere til nytte for demokratiet og den offentlege debatten om kva retning vi vil at kunnskapsøkonomien skal utvikle seg. Å forstå og tolke relasjonar mellom kunnskap og politikk er såleis og ein føresetnad for demokratiutvikling og demokratiets økonomiske politikk.

Universitet og høgskular

Særleg universiteta har ansvar for å fremme kunnskap for ålmenta, vere kreative og søkande, og kritisk. Det blir hevda at rommet for kritisk kunnskapsutvikling, for kreativitet og fri forsking, er minkande, særleg fordi prioriteringane innan kunnskapsøkonomien krev ein kunnskapspolitikk som hemmar kreativiteten innan universiteta. Slike påstandar er det viktig for gruppa å studere nærare, først og fremst ved å studere korleis fag og kunnskap utviklar seg innan det som er karakterisert som det nye ”masseuniversitetet”.

Kunnskapsstaten

Ny kunnskap, t.d. gjennom forsking, skaper premissar for politiske vedtak og påverkar kva som er politisk mogleg. Det fremste målet med politikken, som er å gjenskape hegemoni og dominans, blir realisert gjennom allianse med kunnskap i den moderne staten sine avgjersleprosedyrar. Kunnskapen produserer eit symbolspråk for politikken, medan politikken skaper arbeidsvilkår for kunnskapsutvikling i tilknyting til dei politiske symbol. Byråkratiet er karakterisert ved at det formidlar mellom politiske normer og verdiar og det som er kunnskapsmessig grunngjeve. Det politisk nødvendige og det sakleg moglege fordrar ikkje berre at byråkratiet sjølv baserer seg på spesialistutdanningar, men og at dei avgjerslene som blir satt i verk har ein kunnskapsmessig argumentasjon. Byråkratiet må predikere forventa verknader av vedtak. Den sterke veksten i samfunnvitskap t.d. er nært knytt til veksten i forvaltninga sine kunnskapsbehov eller rettare; prediksjonsbehov. Forskargruppa vil på ulike utdifferensierte områder av samfunnet nøye studere korleis relasjonar mellom kunnskap og politikk former korleis organisasjonane innan desse områda (sfærane) fungerer i lys av idealet om ”kunnskapsstaten”. Dette idealet, som er basert på politikkens predikasjon, og difor førestellingar om at kunnskap kan snakke sant, viser seg innan dei ulike organisatoriske praksisfelta, t.d. helse, sjeldan å halde. Kunnskapssanningar er relative, og politikken er omskifteleg, og begge partar skuldar på kvarandre når prediksjonar sviktar.

Ansvarleggjering og samfunnsmakt

Samfunnet endrar seg gjennom politikken og nye regime, nye former for dominans og hegemoni, og dette stiller nye krav til kunnskapen og til korleis utdanningssystemet og forskinga skal fungere og vere organisert. Men kunnskapen kan og endre samfunnet, og kunnskapslegitimert endring kan konkurrere med politisk legitimerte endringar.

Kunnskapsinstitusjonane har både eit ytre og eit indre forhold til ”samfunnet”. Ingen kunnskap er nøytral. Den er alltid påverka av den politiske og sosiale konteksten. På den andre sida søker kunnskapen å skape ei sperre mot alle forsøk på å påverkar måten den søker sanninga på. Den vil sjølv bestemme kva vi kan vite noko om og korleis denne viten skal skapast. Sjølv om politikken vil gjere kunnskapen ansvarleg overfor samfunnet, og vil på legge den å vere til nytte i forminga av profesjonar, kunnskapsøkonomiar og offentlege avgjersle, vil kunnskapen berre ta ansvar for å fortelje den meiner er sant. Men sanninga er som ein blink i rørsle. Ikkje er berre politikken er omskifteleg men også sanninga.

Den største utfordringa for kunnskapssamfunnet er såleis å skape den rette balansen mellom dei ”ytre” og dei ”indre” relasjonane mellom kunnskap og politikk. Kunnskapen må utvikle seg i distanse til politikken, den må ha fridom til å søke etter sanninga, men den må og erkjenne at sanninga endrar karakter med samfunnet sine endringar.

Sist endret: 6.11.2009