Gå til innhold
English A A A

Masteroppgaver under arbeid


Harald Gunnersen:

"I masteroppgåva søkjer eg å gjere greie for kva som er særeige med  fagrørsla i oljesektoren. Gjennom ei historisk institusjonell  tilnærming er førmålet å avdekkje kva for ulik karakter fagforbunda i  oljesektoren har. Sentrale spørsmål er korleis dei dominerande forbunda i sektoren  posisjonerar seg i høve til den norske "samarbeidsmodellen"? Og korleis forbundas institusjonelle posisjon og karakter formar  strategiske val i møte med ein stadig sterkare internasjonalisering frå selskapas side; eksemplifisert gjennom StatoilHydro-fusjonen."

 

Lars Ove Toft:

"Arbeidstittel: Samanslåing av kunsthøgskular - reaksjon og resultat. I mi masteroppgåve vil eg sjå nærare på opprettinga av Kunsthøgskulane  i Bergen og Oslo. Dette var ei politisk reform som førte til  samanslåing av to eksisterande høgskular i Bergen, og fem i Oslo. Dei  to høgskulane rapporterer høgst ulike resultat av reforma. Fokus vil  vere å samanlikne argumenta for og imot samanslåinga med dei divergerande resultata som ligg føre, for, om mogeleg, å kaste lys over nylege forslag om samanslåingar innan høgre utdanning."

 

Sist endret: 10.2.2010