Kreftforskning
Det tematiske program i kreftforskning omfattar fleire enkeltprosjekt. Instituttet har ein særskild ekspertise i patologi, og dette blir brukt til forskning innan krefttyper som melanom, brystkreft, prostatakreft, gynekologisk kreft, hjernekreft, pancreaskreft, nyrekreft og lymfekreft.
Eit viktig felt er å studere relasjonen mellom patologiske variablar, biologiske markører og prognose ved kreft. Eit liknande felt er å identifisere markørar som kan predikere respons på målretta behandling og som derfor kan ha praktisk nytte.
Angiogenese - nydanning av blodkar og lymfekar - ved kreft er eit sentralt forskningsfokus med internasjonalt samarbeid, og inkluderer også klinisk utprøving av angiogenesehemmarar.
Stamcelleforskning og rytmeregulering i beinmargsceller og stamceller ved kreft er ein sterk tradisjon. Eksperimentell forskning basert på cellekultur er innarbeidd i fleire prosjekt.
Korleis kreftceller spreier seg (=invasjon), vert studert for hjernekreft og kreft i mage-tarmkanalen.
Det er etablert ein unik modell av munnslimhinne i kultur og denne blir brukt m.a. til studier av epithelial-til-mesenchymal transisjon og medikamentvirkning.
Relasjon mellom virus og kreft blir studert, inkludert i relasjon til vaksine mot humane papillomavirus.
Eit fokus er å generere ein best mulig populasjon av dendrittiske celler for bruk i terapeutisk vaksinasjon av kreftpasientar.
Metodeplattformer inkluderer klassisk patologi og tumormorfologi, immunhistokjemi, in situ hybridisering, vevsmikromatriser (TMA), cellesortering og flowcytometri, laser mikrodisseksjon, RNA- og proteinanalyser med molekylærbiologiske og immunologiske metoder, rekombinant genteknologi, cellekultur med mange funksjonelle assays, heilgenoms mikromatriseanalyser for genekspresjon og kromatinmodifikasjon, biostatistikk og bioinformatikk.