Hjem

Forskergruppen Latinamerika: Språk, litteratur og kultur

Forskargruppa Latinamerika: språk, litteratur og kultur er eit resultat av ynsket om å etablera eit forum for forskingsverksemd for fast tilsette og vidarekomne studentar ved Institutt for framandspråk innan litterære, kulturelle og historiske emne frå Latinamerika.

Men gruppa inkluderer også samarbeidspartnarar ved vårt eige universitet og ved andre utdannings- og forskingsinstitusjonar i inn- og utland. 

Målet er å skapa eit fagmiljø for dokumentasjon, refleksjon og akademisk diskusjon kring ulike sider ved latinamerikansk språk, litteratur og kultur. Det er også eit siktemål å fremja vitskapleg produksjon, tverrfagleg samarbeid og internasjonal dialog.