Vår eldste bok

utg. Odd Einar Haugen og Åslaug Ommundsen

Vår eldste bok: Skrift, miljø og biletbruk i den norske homilieboka er ei samling av nyskrivne artiklar om Gammalnorsk homiliebok (AM 619 4to), redigert av Odd Einar Haugen og Åslaug Ommundsen, og med bidrag frå fagfolk i Finland, Noreg og England.

Homilieboka vart skriven i Bergen rundt 1200 på grunnlag av eldre førelegg og er den eldste tilnærma fullstendige norske boka vi har bevart. Medan ein har rekna med at det har vore opptil fire skrivarar av homilieboka, hevdar to av bidragsytarane i Vår eldste bok at det truleg berre har vore éin skrivar i boka, og at det er den same skrivaren som står bak det innskotet frå ei anna bok som ein no finn mot slutten av homilieboka. Ein annan bidragsytar viser korleis skrifta kan rekonstruerast strøk for strøk. Det er ein analyse som hittil ikkje har vore gjort for norske handskrifter.

I andre bidrag i boka blir det lagt fram materiale som viser kva for andre bøker denne skrivaren truleg var ansvarleg for. Dette byggjer på ein omfattande gjennomgang av det store fragmentmaterialet i Riksarkivet, særleg fragment av liturgiske handskrifter.

Det er i dag semje om at homilieboka vart skriven i Bergen, men kvar? I to av bidraga blir dette spørsmålet diskutert inngåande, utan at ein no kan nå fram til ein sikker konklusjon. Dei to kandidatane er augustinarane i Jonsklosteret og prestane ved Domkyrkja.

Boka byr elles på to bidrag om preiketradisjonen rundt 1200 og mogleg påverknad frå England, og endeleg ei drøfting av forholdet mellom det tekstlege og det visuelle i kyrkjerommet.

Til slutt er det ein gjennomgang av oppbygginga av homilieboka i AM 619 4to, både i form av dei enkelte legga og dei tekstane som inngår i desse. Vidare er det ei ordliste over paleografisk, kodikologisk og liturgisk terminologi, ei felles litteraturliste og eit omfattande, tredelt register over personar, verk og handskrifter. 

Boka vart utgjeven i november 2010. Ho er nr. 3 i skriftserien Bibliotheca Nordica (på Novus forlag i Oslo) og er gjennomillustrert i fargar.