Hjem
Click

Kvartære geosystemer

           Velkomen til forskingsgruppa i Kvartære geosystem!

Vi arbeider med ulike geologiske prosessar som har funne stad i løpet av dei siste millionar år. Dette inkluderer studiet av marine sediment, karbonatutfellingar og avsetningar i grotter, innsjøsediment og andre avsetningar på jorda si overflate. Nokre av desse arbeida er reine prosess-studiar, medan andre er retta mot å rekonstruere klimaendringar bakover i tid og forstå korleis fortidsklimaet har variert. Forskingsgruppa har fleire store prosjekt med tyngdepunkt i og rundt Nord-Atlanteren, og gruppa har òg prosjekt i begge polområda, i Himalaya og i Russland. Vi har tilgang til fleire forskingsfartøy, avansert boreustyr for prøvetaking av både marine og terrestriske sediment og vi har fleire avanserte laboratorium, som til dømes Uran-serielaboratorium, laboratorium for kosmogene nuklidar og ein nasjonal infrastruktur for sedimentanalysar, EARTHLAB.  Målet med våre forskings- og undervisningsaktivtetar er å utvikle metodar og teknikkar for betre å forstå den geologiske historia hovudsakleg gjennom istidsperioden (siste 2,6 million år) og omsetje dette til paleoklimatiske rekonstruksjonar og auka prosessforståing.

Nyheter

Tar miljøet på alvor

Vi tar miljøet på alvor, dagens gode gjerning :) sier Stig Monsen

Geofarer

Forsker på farene som kan oppstå når breen smelter

Jostein Bakke leder et forskningteam som har et prosjekt på breen ved Folgefonna hvor de håper å avdekke eventuelle Geo farer fra breen.

Meltzerprisen 2016

Meltzerprisen til Kikki Kleiven

Kikki Kleiven har markert seg som glødande forskingsformidlar - 8. mars mottok hun Meltzerprisen for fremragende forskingsformidling

                     Har vi mennesker forandra Jorda så mye at vi har gått inn i en ny epoke. Les meir på nrk.no