Gå til innhold
English A A A

Forskning

Forsking på Midtausten og Afrika er omfattande ved instituttet og ved Universitetet i Bergen. Forskargruppa fokuserer på fleire hovudområde som alle involverer både junior- og seniorforskarar i Bergen.

Les mer

Bildet viser eit utsnitt av ein silsila for  Qadiriyya-tariqaen i Zanzibar og Aust-Afrika, frå  omkring 1930. Eigar: Maalim Muhammad Idris  Muhammad Salih, Zanzibar.

Kontakt oss

Midtausten- og Afrikastudiar
v/professor Knut S. Vikør,
Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitenskap (AHKR)
Universitetet i Bergen
Postboks 7805
5020 Bergen
E-post: knut.vikor@ahkr.uib.no

Ayasofya (Haghia Sophia) i Istanbul, bygd som  kyrkje og vigsla av keisar Justinian i 537, gjort  om til moské i 1453, og til museum i 1934.

Om gruppa

Forskingsgruppa på Midtausten- og Afrika samlar forskarar som arbeider med tema i denne regionen, frå Sør-Afrika i sør til Tyrkia og Iran i nord, frå menneskets tidligaste tider fram til i dag. Gruppa har to regionale fokus: Midtausten, der vi bygger på ein lang og omfattande forskingstradisjon ved institutta og ved UiB elles; og det afrikanske kontinentet som er i ferd med å bli eit interessant felt for forsking. Men UiB har stått spesielt sterkt i studiet av dei områda der Afrika og Midtausten overlappar og er i kontakt: Det muslimske Afrika og spesielt Sudan; men også det Indiske havet og kontakt og samband over dette.

Under Forskargruppa vert det også organisert eit PhD-seminar i Midtaustenstudiar, som også omfattar PhD-studentar frå andre HF- og SV-fag på dette området, eit framhald av den tidligare "Forskarskulen i Midtaustenkunnskap". Det blir arrangert manusseminar, fellesmøter, dagsseminar m.v. under dette PhD-seminaret.

 

Bildet: Ayasofya (Haghia Sophia) i Istanbul, bygd som
kyrkje og vigsla av keisar Justinian i 537, gjort
om til moské i 1453, og til museum i 1934. Foto:
Richard Johan Natvig (©).

  • Nyhet
    ingressbilde

    Program hausten 2011

    Senter for Midtausten- og islamske studiar vil hausten 2011 arrangere ei rekke gjesteforelesingar og seminar.

Nyheter

Nyhetsarkiv