Gå til innhold
English A A A
23.10.2009 Nyhet

Daniel Dennett i Bergen

Filosofen Daniel Dennett kjem til Bergen i helga. Han stiller spørsmålet "Korfor?" - og vil gjerne bygge ei Darwin-bru mellom humaniora og naturvitskap.

Filosofen Daniel Dennett kjem til UiB

Filosofen Daniel Dennett kjem til UiB

Laurdag kveld vil filosofen Daniel Dennett halde foredrag i Egget på Studentsenteret - med tittelen 'Evolution of Why?'. I eit intervju i Morgenbladet uttaler han at mennesket er den einaste arten som kan stille spørsmålet 'korfor?', og at det speler ein avgjerande rolle i våre liv og for måten vi forstår verden på.

Dennett tar for seg store tema som religion, fri vilje, bevissthet og evolusjon - og skriv ei bok om kvart av dei, til dømes Breaking the Spell, Freedom Evolves, og Darwin's Dangerous Idea. Vitskapsjournalist Bjørn Vassnes, som også har skrive fleire bøker om evolusjon, religion og fornuften, vil introdusere Dennett.

Arrangementet inngår i feiringa av Darwin-året 2009 ved UiB.

Sist endret: 23.10.2009