Nyttige lenker
Nettside for prosjektet ved Universitetet i Oslo:
http://www.hf.uio.no/ilos/forskning/prosjekter/nor-latam/index.html
Desired Immigrants - Frustrated Adventurers? Norwegians in Latin America, 1820 – 1940
Var norske innvandrarar i Latin-Amerika mellom 1820 og 1940 ettertrakta som nye landsmenn og arbeidskraft i landa dei kom til? Eller var dei eventyrarar som gav seg ut på stort sett mislukka koloniserings- og forretningseventyr? “Desired Immigrants - Frustrated Adventurers? Norwegians in Latin America, 1820 – 1940” er eit tverrfagleg prosjekt som involverer forskarar ved ulike institusjonar i Noreg og Latin-Amerika. Medlemene vil bruka dei spesielt omfattande kjeldene som omhandlar norsk emigrasjon til å kartleggja all norsk innvandring i Latin-Amerika i ein 120-årsperiode. Vidare vil dei setja dette inn i ein større samanheng omkring migrasjon og kulturmøte, nasjonsbygging og økonomisk utvikling.