Gå til innhold
English A A A

Tema og Forskningsprofil


Tema og forskningsprofil

Eit sentralt tema er handlingsvilkår for ein aktiv forvaltningspolitikk med vekt på samspelet mellom bevisst styring og tilpassing til internasjonale doktrinar og etablert forvaltningskultur og tradisjon. Vi  rettar merksemda mot politiske avgjerdsprosessar -korleis reformer blir utforma, gjennomførte og iverksette og kva effektar ulike reformtiltak har. Det siste punktet omfattar også korleis reformer vedtekne og iverksette på eitt nivå påverkar andre nivå i forvaltningssystemet. Dette dreiar seg både om auka integrasjon i EU og samspelet mellom nasjonale, regionale og lokale forvaltningsorgan.

Eit særleg fokus er retta mot ”New Public Management”–orienterte forvaltningsreformer og reformer i kjølvatnet av slike reformer, ofte kalla post-NPM eller ’whole-of-government’ reformer. Ny regulerings- og tilsynspolitikk, nye kontroll- og revisjonsformer, framveksten av ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi, endring i tillitsforhold, i ansvarsrelasjonar, i samordnings- og spesialiseringsformer og spenningar mellom politisk styring, administrativ og fagleg autonomi i fristilte forvaltningsorgan vil bli studert.

Forskargruppa er involvert i ei større pågåande evaluering av NAV-reforma og fokuserer spesielt på velferdsmodellar og styringssystem innafor velferdsforvaltninga. Partnarskapsmodellen mellom staten og kommunane og forholdet mellom departement og  direktorat står sentralt. Eit EU-finansert europeisk prosjekt som er under oppstarting tek føre seg temaet ’Coordination for Cohesion in the Public Sector of the Future’. Det skal mellom anna studere effektar av NPM reformer og studere innovativ samordnings- og styringspraksis i offentleg forvaltning i eit komparativt perspektiv med særleg vekt på sentraladministrasjonen, helse/sjukehus og NAV.  Eit tredje større forskningsprosjekt frå 2011, finansiert av Norges Forskningråd (VAM) er ”Reforming the Welfare State. Democracy, Accountability and Management” som skal studere korleis reformer innafor sjukehussektoren, innvandring og NAV i Norge, Danmark og Tyskland påverkar ansvarsrelasjonar, særleg forholdet mellom politisk og administrativt ansvar.  

Forskargruppa har også fokus på europeiske integrasjonsprosessar og kva effektar desse har for politisk styring, frmvekst av nye organisasjonsformer, folkevalt kontroll og ansvarleggjering. I Europa har endringer i lokale, nasjonale og transnasjonale styringsformer eit dynamisk tyngdepunkt i den Europeiske Union, som både påverkar medlemsstatane og blir påverka av dei. Auka integrasjon i Europa har vidtrekkande implikasjonar for nasjonalstatleg og overnasjonalt demokrati. Også norsk forvaltning og demokrati blir gjennom medlemskapet i EØS påverka av EU. Europeisk integrasjon medfører eit komplekst samspel mellom spesialisert fagstyre, politikk og jus. Eit hovudfokus er å kartlegge slike pågåande endringsprosessar på ulike politikkområde og styringsnivå. Europeisk samarbeid, europeisering, konstitusjonalisme internasjonal integrasjon, juridifisering, konkurransepolitikk og institusjonsbygging er sentrale stikkord.

Teoretisk er gruppa forankra i ei breid institusjonell tilnærming, som kombinerer instrumentelle modellar, kulturelle perspektiv og omgivelsestilpasning. Ei organisasjonsteoretisk tilnærming til korleis formelle organisasjonar virkar, litteratur om ”multi-level governance”, iverksetting og transformative tilnærmingar vil stå sentralt.

Gruppas aktivitetar

Gruppa er karakterisert ved stor forskningsaktivitet med omfattande nasjonal og internasjonal publisering i tidsskrift og bøker. Vi har dei siste åra gitt ut fleire lærebøker og har organisert og drive eksternt finansierte etterutdanningstiltak i regi av instituttet. Vi har fleire store eksternt finanserte forskningsprosjekt, har rekruttert fleire doktorgradskandidatar og har gjennomgåande hatt stor produksjon av hovudfags- og masterkandidatar. Vi har eit breidt fagleg nettverk internasjonalt, har arrangert internasjonale konferansar og deltek aktivt på internasjonale konferansar og seminar.

Fleire av gruppas prosjekt er lagt til Rokkansenteret og forskarar ved Rokkansenteret deltek i gruppa.

 

 

 

Sist endret: 10.1.2011