Hjem

Praxeologi

Praxeologi vert definert som empiriske og teoretiske studiar av sosiale praktikker. Ein praktikk kan definerast som ”det den einskilde av oss gjer”. All praktikk vert utøvd innan ein kontekst. Denne konteksten omtaler vi som; praksis. Sosiale praktikkar kan difor undersøkast ved å studera dei i dei praksisar dei er ein del av.

Gjennom praxeologiske studiar prøver ein å forklare og forstå kvardagslege problemstillingar på ein kritisk måte. Å vera kritisk inneber distansering og objektivering av det som vert utforska. Praxeologisk metode byr på nokre reiskapar som kan brukast til å forstå og forklara avgrensa kvardagslege problemstillingar. Kunnskap som slike studiar genererar kan praktikarar sjølv velje om ein vil  anvende i sin eigen praktikk på nye og kanskje meir reflekterte måtar.

Forskargruppa Praxeologi arbeidar spesifikt med human- og samfunnsvitskaplege metodologiske refleksjonar og verktøy, og studerer den reproduktive sektoren generelt, og pleie -, omsorgs - og medisinske praksisar spesielt. Ambisjonen er utvikling/ konstruksjon av stringente og metodisk transparente omgrep som kan skapa ny innsikt og  hjelpe oss til på ein betre måte å forstå og forklare den sosiale praktikk som vi agerar innafor. På den bakgrunn kan ein skape rom for at forskarar (sosio-analyse) og praktikarar (refleksivt) kan utvikle nye strategiar for alternative framtidige praktikkar.

Leiar av forskargruppa: Karin Anna Petersen