Praxeologi som forskningstema
Om den praktikk-teoretiske grunnproblematikk
Ambisjonen for den praktikk-teoretiske grunnproblematikken er oppgjeret med dei herskande paradigma i reindyrka form som fenomenologisk viten (interaksjonisme og etnometodologi), objektiv viten (strukturalisme og strukturalistisk hermeneutikk) og praxeologisk viten (teori om praktikkar), der tenkinga er, at det einaste desse former for viten har til felles er, at dei står i motsetting til praktisk viten.
I den fenomenologiske tradisjonen kan den sosiale verda oppfattast som naturleg og ein kan bli for lite sjølv-refleksiv. I forskingstradisjonar der objektivitet er eit ideal, kan ein ta for lite omsyn til konteksten som erfaring, kunnskap og teoriar har utspring i.
Praxeologisk viten (ein teori om praktikkar) representerer eit anna teoretisk paradigme, som er opptatt av dialektikken mellom dei objektive strukturar og dei strukturerande disposisjonar som dei produserer og tenderer til å reprodusere i ein tovegs prosess. Det vert gjort ved å forstå sosial praktikk som internalisering av eksternalitet og eksternalisering av internalitet. Den praxeologiske viten bryt med den objektivistiske viten, fordi den ikkje berre undersøkjer korleis noko er, men også konteksten som gjorde det mogeleg for sosiale praktikk både å oppstå og å eksistera.
For praxeologiforskarar er studiar av sosiale praktikkar alltid eit produkt av ein dobbel teoretisk transformasjon, det vil seie ei tosidig behandling av problematikken som vert utforska, der både teoretiske og sosiale tilhøve lyt reflekterast med hos både det som vert underlagt forsking og hos forskaren sjølv. På det viset overskrid praxeologisk viten objektivistiske viten, ved å rekne med dei tilhøva som den objektivistiske forskingstradisjonen utelukkar.
Poenget er, at ein teoretisk vitskap om sosiale tilhøve må ta omsyn til materialiseringa av desse tilhøva som praktikk og ikkje berre som autonomt objekt. Det tyder, at ein må gå frå strukturen til funksjonen av f.eks. språk og ikkje nøya seg med koden, men også tenke konteksten med. Det tyder, at både fullbyrdinga som utføringa av forskinga må integrerast i ein teori om sosial praktikk.
Praxeologi vil overskride metodisk objektivisme, sjølv om denne reiskapen er naudsynt for å bryte med dei primære erfaringar og konstruere dei objektive relasjonane. Ein må gå frå ”opus operatum” (det fullbyrda verket) til ”modus operandi” (måten å gå til verks på). Frå det statistisk regelmessige til prinsippet for produksjon av observert orden. Konstruksjonen av praxeologi (praktikkteori) dreier seg om, korleis praktikkar vert generert og den er grunnlaget for konstruksjon av eksperimentell vitskap.
Det er det empirisk observerte regelmessige i eit bestemt miljø (dei materielle eksistensvilkår) og sambandet med eit sosialt strukturert miljø, som produserer ”habitus”. Eit system av varige disposisjonar, strukturerande strukturar. Habitus er det objektivt regulerande regelmessige, som er der utan medviten målretting, kollektivt orkestrert utan å være leia av nokon dirigent.
Praktikkar er produsert av habitus, det prinsipp, som idet det genererer strategiar, gjer det mogeleg å få grep om evig skiftande situasjonar og tenderer mot å reprodusere dei objektive strukturane som den er produkt av. Habitus er objektivt organiserte strategiar utan å vere produkt av strategisk intensjon.
Habitus er den immanente lov ”lez insita”, innlemma gjennom den enkelte sin livshistorie, som både er grunnlaget for, overeinskomsten med og tilpassinga til praktikkar, som føreset ein felles kode. Det kollektive fordrar overeinskomande habitusar.
Det er, fordi agentane ikkje veit kva dei gjer, at det, dei gjer, har meir meining, enn dei forventar. Habitus er den universaliserande formidling, som gjer praktikkar, som verken har eksplisitt grunn eller signifikant intensjon, ’fornuftige’, ’rimelege’ og objektivt samspelte. Frå Petersen, K.A. (1995, 2008):”En teori om praksis og en teori om viden”,In: Pierre Bourdieu, Centrale tekster inden for sociologi og kulturteori. Frydenlund, s. 70-71.
-
Om det metodiske
Praxeologigruppa arbeider med alle former for empiriske studiar frå etnografi til sosiologi, frå såkalla spørjeskjema til dei mest opne intervju, dokumentanalysar osv.
-
Om å forstå og forklare
Menneskelege sosiale handlingar kan såleis ikkje åleine forståast og forklarast ved at forskaren innhentar subjektive data, som uttrykkjer den agerande sine eigne subjektive meiningar og agentane sine tankar, kjensler og måtar å forhalde seg til seg sjølv og til sin eigen situasjon på.
-
Om vitenskapens ærend
Innafor for ei praxeologisk tilnærming er det vitskapen sitt ærend å sette den empirisk skildra verda på omgrep.
-
Om forholdet mellom kunst, praktisk teori og vitenskap
Innafor fag som for eksempel sjukepleie, omsorgsarbeid eller medisin, fins det mange ulike kunnskapsformer, forskingsarbeid og metodologiske funderingar, samt teoriar og omgrep som er på spel og i spel.
-
Bruddtenkningen og konstruksjon av forskningsobjektet
Innan for den historiske epistemologi er den sentrale tese at vitskapane konstruerer objekta sine.