Gå til innhold
English A A A

Teoretiske tilnærminger og inspirasjonskilder


Nedanfor vert ei rekkje teoretiske tilnærmingar presentert som eksempel på korleis forskingsobjektet kan konstruerast.

Ingen teori er overgipande og all teori kan utfordrast gjennom akademiske diskusjonar, men eksempla kan vere ein kime til forståing av korleis ein kan arbeide strikt og transparent og la seg inspirere i det empiriske arbeidet gjennom teoretiske verktøy:

Ei sentral inspirasjonskjelde er den historiske epistemologien med røter attende til Bachelardtraditionen og spesielt Pierre Bourdieu sine arbeid og hans praktikk- språk-, reproduksjons - og feltteori. Sentrale, konstruerte omgrep i den samanheng er praktisk sans, hexis, symbolsk vold, språkleg autoritet, felt, kapital, habitus, sosio-analyse.

Muel-Dreyfus, Francine arbeid om korleis agentar konstruerer kjønn som politisk og sosialt objekt.

Staf Callewaert sine introduksjonar og fortolkingar av ideologi og rasjonalitet i vitskapelege arbeid innanfor fransk sosiologi med Pierre Bourdieu sin epistemologi og sosiologi som eksempel.

Michel Foucault og hans historisk diskursive analysar av føresetnader og vilkår for moderne institusjonalisering (klinikk, fengsel, skular, familie osv.)

Foucault sin læremeister Georges Canguilhem sine medisinsk historiske arbeid og analyser av normalitet og patologi.

Kari Martinsens sine historiske og fenomenologiske analyser av sjukepleie, omsorg og medisinske behandlingspraktikkar og den moderne evidensbaserte såkalla ’kliniske sjukepleiepraksis’.

Henrik R. Wulff sine diskusjonar av Rasjonell Klinikk med Stig Andur Pedersen og Raben Rosenberg (medisinsk filosofi).

Erving Goffmans sine studiar av kvardagslivet sin sosiologi, seremonielle reglar, ritual og forventingar som organiserer vår dagligdagse samhandling med kvarandre og avvikssosiologi hans: stigma, konstruksjonen av normalitet og avvikingar.

Margaret S. Archer sitt utdanningssosiologiske forfattarskap og diskusjonen om agent og struktur innanfor forskingstradisjonen kritisk realisme.

Aaron Cicourels mikrosociologiske analyser av språk og sosiale praktikkar. Fyrst og fremst analysane hans av tilhøvet mellom forskarar, legar og pasientar.

Jean-Paul Benzécri sin korrespondanseanalyse (enkel eller multippel) - ein statistisk teknikk som blei utvikla på 1960-talet. Metoden vert brukt til å studere fordeling av kvalitative data, for eksempel individa sine eigenskapar og tilgangar innafor eit sosialt felt.

Andre inspirationskjelder:

- Kantorowicz, Ernest H. sitt klassiske verk om politiske teologi i middelalderen. 

-  Bourdieu sin teori om sosialt rom og religiøst felt.

- Flexner sitt klassiske verk om vestlege universitet.

- Max Weber sine idealtypiske studiar av for eksempel den kapitalistiske ånd og den protestantiske etikk. Det vil sei genesis og struktur av profesjonstankar- , praktikker og beslekta omgrep som: ”Christcentrered kingship”, ”law-centered kingship”, ”polity-centered kingship”: ”corpus mysticum” ”and the King never dies”, diskusjonen om lærd og lekmann samt dei amerikansk-engelske og tyske universitetstradisjonar sine karakteristika og innverknad på den internasjonale utdanningsvitskap. I tilegg, om profesjonstanken og praktikkar sin oppkomst, struktur og tilsvarande omgrep om vitskap versus praktisk kunnskap og kompetanse. 

Sist endret: 4.3.2011