Blest om farmasiforsking
Kjell H. Halvorsens doktoravhandling om kvaliteten på legemiddelforskriving til eldre pasientar vekkjer interesse i fleire medier.
Farmasøyt Kjell H. Halvorsen disputerte for doktorgraden 16. mars 2012, med avhandlinga "Drug prescribing quality for older patients. Explicit indicators and multidisciplinary medication reviews". Avhandlinga har fått merksemd i fleire medier.
På Høyden, som er UiB si eiga nettavis, omtala avhandlinga allereie før disputasen. No følgjer Bergens Tidende opp med ein artikkel om feilmedisinering av eldre sjukeheimspasientar. Artikkelen er òg plukka opp av Aftenposten, NRK.no, og BA.
I artikkelen fokuserer dei på at verktøy som kan hindre feilmedisinering, ikkje er godt nok kjend, eller for lite brukt, og at dette burde setjast meir i system. Meir bruk av farmasøytar i sjukeheimar, særskilt i samarbeid med både lege og sjukepleiar, blir òg løfta fram som ei mogleg løysing for å unngå uhensiktsmessig legemiddelbruk.
Sjekklister for legemiddelbehandling av eldre bør bli gjort meir kjend. Foto: Colourbox
Sist endret: 26.3.2012
Nyheter fra Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi
- Nordisk konferanse i samfunnsfarmasi - NSPC 2013 (19.06.2013)
- Samfunnsfarmasi i International Innovation (14.03.2013)
- Blest om farmasiforsking (26.03.2012)
- Generica-prisen 2011 til Kjersti Bakken (02.03.2012)
- Julestemning med pepperkakehus (16.11.2011)