Hjem
Forskningsgruppe i samfunnsfarmasi
News

Tranebær trygt for gravide

Stipendiat Kristine Heitmann slår i sin nye publikasjon fast at bruk av tranebær under svangerskapet ikkje er assosiert med auka risiko for fosterskade, men understrekar samtidig at påviste urinvegsinfeksjonar må behandlast med antibiotika.

Tranebær er trygt under graviditet.
Foto/ill.:
www.colourbox.com

Hovedinnhold

Artikkelen Pregnancy outcome after use of cranberry in pregnancy - the Norwegian mother and child cohort study blei publisert online i tidsskriftet BMC Complementary and Alternative Medicine 7. desember 2013. Både Dagens Medisin og svenske Läkemedelsvärden har omtala publikasjonen.

Data frå den norske mor og barn-undersøkinga og Medisinsk fødselsregister er brukt i analysane, og inkluderte totalt 68.522 gravide kvinner. Av dei 919 som hadde brukt tranebær kunne ikkje forfattarane finne auka risiko for misdanningar, dødfødsel, neonatal død, for tidleg fødsel, låg fødselsvekt, låg Apgar score (<7), neonatale infeksjonar eller vaginal blødning tidleg i graviditeten, samanlikna med dei kvinnene som ikkje hadde brukt tranebær.

Eit anna viktig funn var at 60% av kvinnene som hadde brukt tranebær hadde opplevd urinvegsinfeksjon (UVI), men under halvparten av desse hadde brukt antibiotika for å få bukt med infeksjonen. Ubehandla UVI er forbunde med risiko for både mor og barn, og sidan tranebær ikkje har vist seg effektivt i behandlinga av dette er det viktig å behandle med antibiotika for å bli kvitt infeksjonen, understrekar Heitmann.

Kristine Heitmann er rettleia av førsteamanuensis Lone Holst frå Universitetet i Bergen, og professor Hedvig Nordeng frå Universitetet i Oslo og Nasjonalt Folkehelseinstitutt.