Gå til innhold
English A A A
Konferanse

Grunnlovssymposium i Bergen 19. februar 2013

Tid: 19.2.2013 09.15 - 19.2.2013 16.00

Sted: Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

Kontakt: Ragna Aarli

Christian Frederik

Christian Frederik

Den 19. februar 1814 underteiknar arveprins og statthaldar Christian Frederik eit ope brev til det norske folket der han erklærer seg som regent i Noreg og kallar inn til ei grunnlovgjevande forsamling på Eidsvoll 10. april. Han legg óg fram teksten til ein "folkeeid" der folket forpliktar seg til å støtte sjølvstendepolitikken. Same dag sender Christian Frederik òg ut ei kunngjering om dei fredelege tilhøva folket i Noreg har til andre nasjonar og om oppheving av kaperfarten (statleg godkjend sjørøveri).

På same dato 199 år etter inviterer Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen til sitt andre Grunnlovssymposium for å diskutere grunnlov, likskap og demokrati.

Påmelding via denne lenka innan 13. februar.

Inga påmeldingsavgift.

PROGRAM

  Møteleiar:  Professor Jan Fridthjof Bernt
09.15 Opning v/ dekan Asbjørn Strandbakken
  DEL I: POLITISK LIKSKAP I 1814
09.30 «Politisk likskap og folkesuverenitet i 1814»
v/ Professor Ola Mestad
10.00 «Om den historiske samanhengen for ideen om politisk likskap i 1814»
v/ Stipendiat Lars Kvestad
10.30 «1814 og Grunnlova som startpunkt for det norske demokratiet»
v/ Ph.d. Marthe Hommerstad
11.00 Diskusjon
12.30 Lunsj
  DEL II: MAKTFORDELING OG DEMOKRATI
12.30 «Nyare utviklingsliner i det norske konstitusjonelle demokratiet»
v/ Professor Eivind Smith
13.00 «Politikk, Høgsterett og dissensar»
v/ Stipendiat Morten Nadim (20 min) og professor Gunnar Grendstad (20 min)
13.40 Diskusjon
14.00 Pause (Kaffe, skillingsbollar, frukt)
14.30

Debatt: «Kven skal avgjere norsk krigsdeltaking i utlandet. Grunnlova § 25 - eit maktfordelingsspørsmål i vår tid.»

Innleiing ved

  • førsteamanuensis Eirik Holmøyvik
  • stortingsrepresentant  Snorre Valen
15.30 Oppsummering av symposiet ved professor Jørn Øyrehagen Sunde og stipendiat Anine Kierulf

 

Lagt inn av Ingrid Endal , 29.10.2012.

Kalender - det skjer!

Se hele kalenderen