Gå til innhold
English A A A
19.09.2012 grunnlova

Grunnlova får ny språkdrakt

– Vi kan få ei modernisert Grunnlov til jubileet i 2014, og for første gong også på nynorsk, seier Eirik Holmøyvik.

Grunnlovsversjoner

Den norske grunnlova i tidlegare utgåver.

Fyrsteamanuensis Eirik Holmøyvik har sidan mai delteke i eit utval som har arbeidd med modernisering av språket i Grunnlova. Grunnlovsspråket har ikkje vore oppdatert sidan 1903, og teksten vert i dag oppfatta som vanskeleg å lese grunna det gammalmodige språket.  

Utvalet er utnemnd av Stortinget og har vore leia av jussprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo. Utkastet til nye tekstversjonar av Grunnlova vart måndag 17. september levert til Stortingets presidentskap.

– Det er stortingsrepresentantane som no skal vurdere om framlegget skal behandlast vidare i Stortinget, fortel Holmøyvik. Om vi skal få ei grunnlov på tidsmessig bokmål og nynorsk til jubileumsåret, må dei nye tekstversjonane leggjast fram som grunnlovsframlegg innan den nye stortingssesjonen byrjar 1. oktober. Så må Stortinget vedta dei med 2/3 fleirtal etter valet i 2013.

Begge målformer

Bakgrunnen for at Stortinget utnemnde utvalet, var at tidlegare Frp-Leiar Carl I. Hagen i mai foreslo ein modernisert tekst på bokmål, som professor emeritus Finn-Erik Vinje hadde laga. Men kontroll- og konstitusjonskomiteen meinte at framlegget ikkje var heilt slik dei ønskte det, og dei ville dessutan ha ein parallell versjon på nynorsk.

I mandatet utvalet fekk, vart det lagt vekt på at dei skulle utarbeide nye språklege oppdaterte versjonar av Grunnlova på tidsmessig bokmål og nynorsk. Dei to versjonane skal også vere likestilte og ha same rettslege status.

– Grunnlova står sterkt i det norske folk. Derfor er det ønskjeleg at ho er utforma slik at flest mogleg kan forstå ho. Grunnlova er eit viktig symbol på tradisjon og samanheng, men ho er også eit levande instrument som vernar om innbyggjarane sine rettar. Vi håpar at vi med våre forslag har vore med på å leggje grunnlaget for at Grunnlova kan fortsette å vere viktig for generasjonane som kjem, sa utvalsleiar Hans Petter Graver under overleveringa av rapporten på Stortinget.

Ei meir levande Grunnlov

– Sjølv håpar eg at ein grunnlovstekst i eit tidsmessig språk vil gjere at folk ser at Grunnlova er meir enn berre eit historisk dokument, seier Holmøyvik. Paradoksalt nok har innhaldet i Grunnlova blitt endra mange gongar gjennom tidene, og særleg dei siste ti åra, medan språket heng att i ei anna tid enn vår. Det gammalmodige språket kan ha skapt eit inntrykk av at innhaldet også er arkaisk, men det er feil. Grunnlova inneheld viktige reglar for demokratiet og for innbyggjarane i Noreg. Fyrst og fremst håpar eg den språklege moderniseringa kan snu dette inntrykket.

Rapporten frå utvalet ligg på Stortinget sine nettsider

Utvalet vart oppnemnd av Stortingets presidentskap i juni og er samansett slik:

  • Professor og dekan Hans Petter Graver, juridisk fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
  • Fyrsteamanuensis Eirik Holmøyvik, juridisk fakultet, Universitetet i Bergen
  • Rådgjevar Øystein Baardsgaard, Språkrådet
  • Rådgjevar Bård Eskeland, Språkrådet
  • Spesialrådgjevar Kyrre Grimstad, Stortingets administrasjon
Grunnlovsutvalget.jpg

Medlemmane i grunnlovsutvalet: Øystein Baardsgaard, Eirik Holmøyvik, Bård Eskeland, Kyrre Grimstad og Hans Petter Graver.

Sist endret: 21.9.2012

Nyheter fra Forskergruppe for statsrett, folkerett og internasjonale menneskerettigheter

Nyhetsarkiv

Relevante lenker