Hjem
Click

Senter for Midtøsten- og islamske studier

Senter for Midtausten- og islamske studiar (SMI)

v/førsteamanuensis Anne K. Bang,
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR)
Universitetet i Bergen
Postboks 7805, 5020 Bergen

Anne K. Bang, leiar
E-post: anne.bang@smi.uib.no

Senter for Midtausten- og islamske studier samlar forskarar som arbeider med desse tema og denne regionen, frå Sør-Afrika i sør til Tyrkia og Iran i nord, frå menneskets tidligaste tider fram til i dag. Gruppa har to regionale fokus: Midtausten, der vi bygger på ein lang og omfattande forskingstradisjon ved institutta og ved UiB elles; og det afrikanske kontinentet som er i ferd med å bli eit interessant felt for forsking. Men UiB har stått spesielt sterkt i studiet av dei områda der Afrika og Midtausten overlappar og er i kontakt: Det muslimske Afrika og spesielt Sudan; men også det Indiske havet og kontakt og samband over dette.

Under senteret vert det også organisert eit ph.d.-seminar i Midtaustenstudiar, som også omfattar ph.d.-studentar frå andre HF- og SV-fag på dette området, eit framhald av den tidligare «Forskarskulen i Midtaustenkunnskap». Det blir arrangert manusseminar, fellesmøter, dagsseminar m.v. som del av dette ph.d.-seminaret.