Hjem
Click

Forskergruppen Historieforståelse, historiebruk og minnepolitikk

Kontakt oss:

Historieforståelse, historiebruk og minnepolitikk
v/førsteamanuensis Hans-Jakob Ågotnes (leder),
Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitenskap (AHKR)
Universitetet i Bergen
Postboks 7805, 5020 Bergen

Hans-Jakob Ågotnes, leder
E-post: hans.agotnes@ahkr.uib.no

Forskningsgruppa omfattar forskarar og stipendiatar i historie, kulturvitskap og religionsvitskap ved Institutt for AHKR. Den er også åpen for andre forskarar.

Stikkorda fortidsforståing, historiebruk og minnepolitikk viser til eit emneområde som blir tematisert innafor alle våre ulike fag. Det kan dreia seg om studiar av korleis forestillingar om fortida blir aktualisert i vår eiga tid; kva for fortid, med kva for perspektiv, gjennom kva for disiplinar og kva for sjangrar og medier, og med kva for normative bodskapar. Korleis blir historie formidla i skulen og gjennom vitskapelege publikasjonar, kva betyr ein institusjon som museumsvesenet for vårt bilde av fortida og dens betydning? Andre problemstilingar kan dreia seg om forholdet mellom fagdisiplinar og institusjonalisert fortidsformidling, eller om kva for sosiale og kulturelle funksjonar fortidsbruk kan ha i notida, f.eks. når det gjeld fordeling av makt. På eit mer allment plan er vi opptatt av tidsstrukturar og korleis dei endrar seg historisk, men også korleis dei kan sporast empirisk i ulike samfunnsmessige prosessar. Minneomgrepet viser her til at det er eit forhold mellom subjektiv erfaring og kollektive forestillingar når det gjelder korleis vi som individ og samfunn strukturerer sambandet mellom fortid, notid og framtid.

Arbeidet i forskningsgruppa foregår i seminar der deltakarane legg fram prosjekt og manuskript til diskusjon.