Hjem
Click

Forskergruppen Historieforståelse, historiebruk og minnepolitikk

Seminar

Kunsten å jubilere

Kva skjer når eit samfunn jubilerer? Korleis vert historia brukt og til kva føremål?

flagg.jpg

Flagg
I 2014 feira Noreg 200-årsjubileet for grunnlova.

I 2014 feira Noreg 200-årsjubileet for grunnlova. I 2017 er det 500-årsjubileum for reformasjonen. Den historiske bakgrunnen for desse to jubilea er vidt ulik. Grunnlovjubileet vart utført med nasjonalstaten som ramme, reformasjonsjubileet er i sin natur internasjonalt.

Grunnlovsjubileet og reformasjonsjubileet er likevel to døme på ei rekkje jubileum som referer til særskilte historiske utgangspunkt, men som finn stad i ei samtid. Store jubileum fyller viktige funksjonar i samtida: Dei tener til å styrkje fellesskap og sjølvmedvit. Dei minner oss om institusjonelle rammer og historiske føresetnadar for samfunnet i dag. Eit jubileum skal tene føremål i samtida. Det fortel difor kanskje meir om samtida enn den fortida det referer til.

Kva skjer når eit samfunn jubilerer? Korleis vert historia brukt og til kva føremål? Korleis endrar dette seg i tid og rom? Seminaret vil tematisera slike spørsmål ved å ta opp korleis vi idag feirar historiske hendingar som innføringa av grunnlova og reformasjonen, og korleis ulike samtider har handtert minnet om den tyske og den dansk-norske reformasjonen.

Program:

10.15 – 11: Olaf Aagedal: Kunsten å jubilere
11.15 – 11.45: Svein Ivar Angell: «...en investering for fremtiden». Grunnlovsjubileet som oppsedingsprosjekt
12.00-12.15: Sissel Rosland: Kommentar

12.15-13.15: Lunsj

13.15-13.45: Thomas Daltveit Slettebø: Reformasjonsjubileum i eneveldets tegn: Jubelfesten for den danske reformasjon (1736)
14-14.30: Nils Gilje: Reformasjonsjubileum 1617 – 1717 – 1817 – 1917 – 2017
14.30-15: Diskusjon