Leiar Professor Lars Sætre, allmenn litteraturvitskap
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar
Sydnesplass 7, 5007 Bergen
Prosjektet og forskargruppa initierer tverr-fagleg grunnforsking i analysar av estetikk og kultur ved å fokusere på studiet av to felles fenomen i det utvalde materialet frå moderne drama, prosafiksjon og film: performativt språk (tekstleg handlen) og topografisk modellering av rom. Tekstleg handlen og rom blir studerte
(a) som estetiske særkjenne,
(b) som genrekonvergerande felt i moderne drama, prosafiksjon og film, og
(c) som strategisk kulturformative og verdisetjande grunnkrefter.
THR føretek nærlesingar av eit breitt og rikt, komparativt material av kunstverk henta frå både tidleg og sein modernitet, vurderer og tek kritisk stilling til relevante teoridanningar, og freistar på grunnlag av kunstverka sine særdrag å formulere ein teori om tekstleg handlen og rom som kan svare til performativitet og topografiar som forskingsgjenstandar – både på tvers av genrane drama, prosafiksjon og film, og i samspelet mellom desse og kulturen og tilordninga av verdiar.
Tekstleg handlen og installeringa av rom blir analyserte som kulturelt formative krefter gjennom den "ureine" evna dei har til å la genrane som dei førekjem i, konvergere med einannan. THR granskar korleis dette samspelet installerer kulturelle effektar og verdiar på fire felt som samverkar med kvarandre: i omforminga av sjølvet, samfunnet, kunnskapen, og diskursiviteten sine regime.
THR sine studiar er motiverte av faglege grunnlagsproblem. Dei er bidrag til å tilføre heilskap og retning innanfor det vide feltet som kulturstudiar dannar, og til å innarbeide ein alternativ, dynamisk metode.