Hjem

Miljøtoksikologi

Millionar til forsking på framandstoff og helse ved Institutt for biologi

Jérôme Ruzzin i gruppa for Miljøtoksikologi ved Institutt for biologi har fått tildelt midlar frå Noregs Forskingsråd til forsking på den rolla framandstoff, som legemiddel og miljøgifter, har på utviklinga av metabolsk sjukdom.

Transition

Foto:
Illustrasjon: Jérôme Ruzzin

Forskar Jérôme Ruzzin i Miljøtoksikologigruppa har fått tildelt midlar frå Noregs forskningsråd gjennom programmet FRIMEDBIO -Unge forskertalenter. Ruzzin har gjennom fleire år forska på miljøgifter som finst i oppdrettslaks. Han er oppteken av korleis miljøgifter som vert akkumulert i kroppen, er med å påverka helsetilstanda vår. Og då spesielt med tanke på utvikling av metabolsk sjukdom som type 2 diabetes og fedme. Prosjektet Ruzzin no har fått midlar til er «Role of Xenobiotics in Metabolic Diseases: A Translational Approach». Han er tildelt 7 millionar frå NFR over ein fireårsperiode og har i tillegg fått midlar frå Universitetet i Bergen.

 

TRANSITION har som målsetjing å radikalt forbetre forskninga innan miljøtoksikologi og fornya kunnskapen om metabolsk sjukdom

 

Prosjektet
Kvar dag må menneskekroppen forsvara seg mot eit utal potensielt skadelege miljøgifter og helsekonsekvensane frå denne eksponeringa har nettopp starta å verta avdekka. Enkelte av desse miljøgiftene syner seg no å opptre som hormonforstyrrarar1 og kan potensielt opptre som obesogene sambindingar2.

Prevalensen av type 2 diabetes og fedme har nådd alarmerande proporsjonar over heile verda og er ei seriøs utfordring for folkehelsa. Den enorme auken i insidensen av metabolsk sjukdom er for stor til å kunna tilleggjast ein eller nokre få faktorar. Livsstilsfaktorar, som stillesitjing og overskot i energiinntak, har vore sett på som hovudfaktorane. Energiinntaket har derimot avteke dei siste 10 åra3, og den daglege energiomsetjinga vår ser ut til å vera relativ lik på den til jakt- og samlarforfedrene våre4. Utviklinga av kardiometabolske kompliskasjonar hos nokre sterkt overvektige, men ikkje alle, er framleis eit mysterium5.

Insulinresistens er sterkt knytta til type 2 diabetes, fedme, kardiovaskulær sjukdom og nokre former for kreft6. Nyleg vart det oppdaga at persistente organiske miljøgifter (POPar) i oppdrettslaks hindra verknaden av insulin og forverra utviklinga av bukfedme, ikkjealkoholisk feittlever og kronisk betennelsereaksjon7,8. POPar som polyklorerte bifenyl (PCB), organoklor sprøytemiddel, polyklorerte dibenzo-p-dioksin (PCDD, dioksin) og polyklorerte dibenzofuran (PCDF) har vorte utstrakt bruk i industri og produksjonsprosessar så vel som i jordbruket. Desse kjemikalia er ekstremt motstantsdyktige mot biodegradering og POPar er no utbreidt i næringskjeda og spesielt i feitt fisk. Andre komande miljøgifter som bisfenol A (BPA), ftalat og bromerte flammehemmarar (BFR) har invadert miljøet og kan potensielt trua human helse.

Den dokumenterte globale auken i metabolsk sjukdom saman med dårleg effekt av prevantive og terapeutiske behandlingar, tyder det er eit øyeblikkeleg behov til betre å forstå dei fundamentale årsakene til insulinresistens. Dette prosjektet representerer ei ny retning som tidlegare ikkje har fått så mykje merksemd, men som er gjennomgripande i det dagens moderne liv: Påverknaden av miljøgifter på metabolsk sjukdom.

Referansar

1 Vandenberg LN, et al., 2012, Hormones and Endocrine-Disrupting Chemicals: Low-Dose Effects and Nonmonotonic Dose Responses: Endocr Rev, 33, 378-455.

2 Grun F, and Blumberg B, 2009, Endocrine disrupters as obesogens: Mol Cell Endo, 304, 19-29.

3 Ford ES, and Dietz WH, 2013, Trends in energy intake among adults in the United States: findings from NHANES: Am J Clin Nutr, 97, 848-53.

4 Pontzer H, et al., 2012, Hunter-gatherer energetics and human obesity: Plos One, 7, e40503

5 Karelis AD, 2011, Obesity: To be obese-does it matter if you are metabolically healthy?: Nat Rev Endocrinol, 7, 699-700.

6 Biddinger SB, and Kahn CR, 2006, From mice to men: Insights into the insulin resistance syndromes: Ann Rev Physiol, 68, 123-158.

7 Ibrahim MM, et al., 2011, Chronic consumption of farmed salmon containing persistent organic pollutants causes insulin resistance and obesity in mice: Plos One, 6, e25170.

8 Ruzzin J, et al., 2010, Persistent organic pollutant exposure leads to insulin resistance syndrome: Environ Health Perspect, 118, 465-471