HMS-arbeid i praksis
Miljøtoksikologigruppa tek arbeidsmiljøet på alvor. Ikkje berre er det fokus på det fysiske arbeidsmiljøet i laboratoriet, men det psykososiale miljøet er like viktig.
Miljøtoksikologi er eit fagområde kor HMS må stå i høgsetet på laboratoriet. Dagleg held me på med kjemikalier som har uønska verknadar dersom me ikkje tek omsyn og nyttar avtrekkskap, hanskar og kastar avfall på forsvarleg vis. Og me jobbar alle saman med prosjekt som ser på verknadar av kjemikalieeksponering; anten i kontrollerte laboratorieforsøk eller me ser på kva som skjer med villfanga fisk frå forureina områder. Helse, miljø og sikkeret! Men ein anna og viktig del av arbeidsmiljøet og inkludert i HMS-arbeid, er det psykososiale miljøet.
Miljøtoksikologigruppa er relativt stor for tida med stipendiatar, forskarar, masterstudentar og gjester. Me møtest i laben, til kaffipausar, på labmøter og i kantina. Og no i mars reiste me til Iskanten for curling. Send 13 stk som er fulle av innsatsvilje og godt humør på isen, så gjere ikkje dei manglande curlingeigenskapane noko.
Sist endret: 19.3.2013