Hjem
Miljøtoksikologi
Mastereksamen

Kjernereseptorar i sebrafisklever som mål for hormonforstyrrande stoff

Marta Eide i Miljøtoksikologigruppa har fullført mastergrada i molekylærbiologi med oppgåva "Kjernereseptorar i sebrafisklever som mål for hormonforstyrrande stoff". Torsdag 9. desember kl 13.30 har ho eksamen på N-terminal (520B1) på Molekylærbiologisk institutt. Føredraget er ope for alle.

Hovedinnhold

Vi er i dag omgjeven av eit mangfald av syntetiske kjemikaliar, der mange av dei fins i oss menneske i målbare mengder. Fleire av desse er funnen å ha hormonforstyrrande effekt, og kan dermed, ved å påverke eit av kroppens viktigaste signalsystem, medføre alvorlege konsekvensar. Eit av måla for hormonforstyrrande stoff er kjernereseptorar. Kjernereseptorane er ligand-aktiverte transkripsjonsfaktorar som regulerer uttrykking av gen sentrale i mange prosessar i kroppen, som utvikling, homeostase og metabolisme. Mange av kjernereseptorane i lever har viktige oppgåver i regulering av biotransformasjonen av framandstoff, så vel som nedbryting av endogene stoff og næring. Ein av desse reseptorane er steroid og xenobiotika reseptor (SXR), og kalla pregnan X reseptor, som blant anna regulerer uttrykking av gen som bidreg i nedbrytinga av rundt 50% av alle legemiddel.