Høgt regelmessig inntak av oppdrettlaks som inneheld persistente organiske sambindingar fører til insulinresistens og overvekt hos mus
Jérôme Ruzzin i Miljøtoksikologigruppa har vore prosjektleiar i dette prosjektet kor ein har sett på samanhengen mellom inntak av feit fisk og insulinresistens hos mus. Resultata er publisert i PLoS ONE.
Diettendringar er kritiske i samband med å hindre metabolsk sjukdom. Likevel er effekten inntak av feit fisk har på type 2 diabetes, uklar. Målet med denne studien var å undersøke om ein diett som inneheld oppdrettslaks hindrar eller medverkar til insulinresistens hos mus.
Resultata indikerer at høgt kronisk inntak av oppdrettslaks medverkar til fleire metabolske lidingar lenka til type 2 diabetes og fedme. Datane føreslår óg at persistente organiske sambindingar (POP) har ei rolle i desse skadelege effektane. Resultata frå denne studien kan bli del av ein forbetra ernæringsmessig strategi både i arbeidet med å hindra, og i behandlinga av, insulinresistens.
Heile artikkelen kan lesast i PLoS ONE. Han kan óg lastast ned som pdf her.
Jérôme Ruzzin er postdoktor i Miljøtoksikologigruppa ved Institutt for biologi
Sist endret: 26.1.2012
Nyheter fra Miljøtoksikologi
- Miljøgiftkonferansen 2012 (26.01.2012)
- Samanhengen mellom inntak av feit fisk og insulinresistens hos mus (17.11.2011)
- Utvikling i utforbakke (10.11.2011)
- Høgt regelmessig inntak av oppdrettlaks som inneheld persistente organiske sambindingar fører til insulinresistens og overvekt hos mus (27.09.2011)
- The establishment of hybridoma cell lines producing monoclonal antibodies against human and zebrafish steroid and xenobiotic receptor (SXR, NR1I2) (23.08.2011)