Miljøprøvebanken
Miljøprøvebanken er eit framtidsretta arkiv med miljøprøvar frå norsk natur og eit viktig viktig verkty i den nasjonale og internasjonale kampen mot miljøgifter.
Miljøprøvebanken vart offisielt opna 6. november 2012 ved at Klif-direktør Ellen Hambro gjorde det fyrste innskotet; ein aure frå Mjøsa.
Miljøprøvebanken inneheld djupfrosne prøvar frå mellom anna fisk og fuglar frå heile landet og Arktis. Prøvane som vert lagt i banken vert tidskapslar som tek vare på miljøet i dag og såleis kan analyserast i framtida med den kunnskapen og metodane ein då har.
Ei rekke artar med fisk, fugl, pattedyr, skjel og mose dannar eit representativt utval av dei ulike trofiske nivåa i næringskjeda.
Miljøprøvebanken er eigd av Miljøverndepartementet og styrt av Klima- og forureiningsdirektoratet. Den daglege drifta er lagt til CIENS som nasjonal oppgåve.
Informasjonsbrosjyre om Miljøprøvebanken (pdf-fil)
Sist endret: 14.11.2012
Nyheter fra Miljøtoksikologi
- Miljøprøvebanken (14.11.2012)
- Sprøytemiddel - ven eller fiende? (08.10.2012)
- Ny artikkel i forskning.no (22.06.2012)
- Miljøgiftkonferansen 2012 (26.01.2012)
- Samanhengen mellom inntak av feit fisk og insulinresistens hos mus (17.11.2011)
Last ned filer
- Informasjonsbrosjyre om Miljøbanken (PDF-fil, 1 Mb)