Beste førelesar våren 2013 er kåra!
Studentar ved Institutt for økonomi har stemt over kven som fortener ein pris.
Dei siste åra har studentane ved Institutt for økonomi halde avstemming over førelesarane i emna som vert undervist kvart semester.
På masternivå fekk professor Kjell Vaage flest stemmer. Han underviste i vår valemna ECON341 Økonometri II og ECON343 Empirisk forskingsdesign. ECON 341 er det vidaregåande økonometrikurset på masternivå. ECON343 var nyutvikla i 2012. I staden for faste vekentlege førelesingar og skuleeksamen er kurset basert på seks temasamlingar, studentpresentasjonar og heimeeksamen. Innhaldet avspeglar forskingsaktiviteten til forelesarane, og er bl.a. lagt opp som ei førebuing til skriving av masteroppgåva.
Bachelorstudentane kom til at professor Erling Vårdal var den beste førelesaren i vår. Vårdal har undervist emnet Internasjonal makroøkonomi ECON231. I grunngjevinga vert det trekt fram Vårdals «sterke engasjement og pedagogiske styrke».
Sist endret: 6.6.2013
Nyheter fra Trygdeøkonomi
- Uførhet går i arv (08.07.2013)
- Beste førelesar våren 2013 er kåra! (06.06.2013)
- Pensjonsreforma er godt nytt for dei yngste (26.04.2013)
- Verdas friskaste nasjon, men mest trygda. Kvifor det? (25.04.2013)
- Eldrebølgen utfordrer velferden i fremtiden (25.04.2013)