Hjem
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Politisk teori

Evidensbasering og profesjonell autonomi

Hva om en profesjonsutøvers autonomi blir konfrontert med godt dokumenterte metoder fra nyere forskning? Dette er dilemmaet som Steinar Bøyum skal drøfte i dette innlegget.

Barn i klasserom som blir baksnakket av  medelever
Illustrasjonsfoto
Foto/ill.:
www.colourbox.no

Hovedinnhold

Tenk at du har eit barn som slit med å lære seg å lese. Så les du om eit program for leseopplæring, som med støtte i forsking ser ut til å ha svært god effekt på lesedugleiken til barn i den alderen. Du tek kontakt med barnets lærar og spør om det ikkje kunne vore ein ide å prøve dette programmet, men får til svar at læraren likevel har meir tru på den måten ho pleier å gjere det på. Eller tenk at du har eit barn som blir mobba. Så les du om eit antimobbeprogram som det har vore forska mykje på og som ser ut til å kunne redusere mobbing betydeleg. Du spør om ikkje skulen kan ta i bruk dette programmet, men får nei til svar, utan at du heilt forstår kvifor. Bør offentlege styresmakter i slike saker gripe inn og pålegge skular og lærarar å nytte program med vitskapeleg dokumentert effekt? Eller skal den profesjonelle autonomien vege tyngst slik at den enkelte skule og lærar avgjer metode etter eige skjønn? Dette er eit problem som gjeld profesjonsutøving meir allment. Dersom me har solid vitskapeleg dokumentasjon for at eit visst program, metode eller intervensjon verkar, bør staten pålegge profesjonsutøvarar å følgje dette? I mi drøfting skal eg ikkje ta stilling til om me faktisk har slike program eller metodar, men nøye meg med å drøfte kva følgjer det bør ha dersom me har det. I all hovudsak gjeld drøftinga profesjonsutøving generelt, men eksempla vil vere henta frå utdanningsfeltet.