Hjem

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Konferanse: Fridom og Makt

Ein konferanse om arbeidarrørslas gløymde fridomsomgrep.

fridom_og_makt.png

Illustrasjonsbilde til konferansen med flere av våre store forfattere og demonstrerende kvinner med skaut fra arbeidarbevegelsens tidlige tider
Arbeiderrørsla kjempar for fridom frå vilkårleg maktbruk – men kva tyder det i praksis i valåret 2017?

NYTT LOKALE: Forhandlingssalen, Magistratet ved Bergen rådhus

Arbeiderrørsla kjempar for fridom frå vilkårleg maktbruk – men kva tyder det i praksis i valåret 2017? Er det alternative tradisjonar på venstresida som kan kaste ljos over velferdssamfunnet? Korleis heng vår tids frihetslengsel saman med de lange linjane i norsk og europeisk historie? Medan valkampen rasar, vil denne konferansen gjeve eit innblikk i arbeiderrørslas og feminismens gløymde fridomsomgrep, det såkalla republikanske omgrepet, og syner korleis dette kan stå i forhald til praktiske politiske utfordringar i samtida.

Konferansen vert opna av Sara Bell, leiar av Fagforbundet Bergen. Den internasjonalt anerkjende filosofen Phillip Pettit står på lista over føredragshaldarar, saman med filosof Gunnar Skirbekk, idéhistorikar Håvard Friis Nilsen, byråd for byplanlegging i Bergen, Anna Elisa Tryti, og ei rekke andre nordmenn som vil verte nærare presenterte i tida framover.

Philip Pettit
Hovudtalar er den irske filosofen Philip Pettit, som er professor ved Princeton-universitetet i USA. Han har gjort seg bemerka med ei lang rekke solide arbeider om den fridomstradisjonen som er tema for vår konferanse, nemleg den ny-romerske eller republikanske tradisjonen, som har har røter i den romerske antikken, til dømes hjå Cicero og som ein finn att i tekstane til Machiavelli, og viktigast av alt: i opptakten til nokre av dei største samfunnsendringane i historia, som dei engelske, nord-amerikanske og franske revolusjonane, og ikkje minst i den norske grunnlova, i arbeiderrørsla og i feminismen. Pettit er kjend for å ta utgangspunkt i Henrik Ibsen sine skodespel 'Et Dukkehjem' og 'Hedda Gabler' når han fortel om denne måten å tenke om fridom på, av di Ibsen nettopp satte på agendaen korleis kvinner på 1800-talet var avhengig av å få ektemannens samtykke for alt dei ynskte å gjere, og at dei dermed var ufrie.

PROGRAM

Fredag 1. september

10:00 konferansen åpnes av Sara Bell, leder av Fagforbundet Bergen
10:15 Philip Pettit om frihet
11:15 Pause med kaffe
11:25 Samtale ledet av Isak Lekve, med Håvard Friis Nilsen, Sara Bell og 
Gunnar Skirbekk
12:00 Lunsj
13:00 Gunnar Skirbekk om statsborgere i moderne demokrati: medvirkning  
og medansvar
13:30 Diskusjon
14:30 Kaffe
14:40 Håvard Friis Nilsen om frihet i samtiden
15:30 Samtale
16:00 Slutt for dagen

Lørdag 2. september

10:00 Philip Pettit om en ny politisk teori om frihet
11:00 Diskusjon og kommentarer
12:00 Lunsj
13:00 Håvard Friis Nilsen om frihet og grunnloven
14:00 Diskusjon og kommentarer
15:00 Slutt og takk til alle.

Alle interesserte er velkomne!

Påmelding
Gratis inngang, men påmelding for mat kr 100,- per dag. Påmelding til miriam@lo.no

Sjå òg arrangementet på facebook