Hjem

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Bioetikk

Seminargruppe i bioetikk

Frivillig seminargruppe for studentar med interesse for skjeringspunktet mellom etikk og medisin.

lunge.jpg

Mikrobilete av avvising av lungetransplantasjon.
Mikrobilete av avvising av lungetransplantasjon.
Foto:
Nephron

Seminargruppa har to hovudfunksjonar:

a) at studentar les og diskuterer viktige tema i bioetikk, og

b) at studentar kan få presentere eige arbeid og få tilbakemelding frå medstudenter med bakgrunn frå, mellom anna, medisin og filosofi.

Inneverande semester vil seminargruppa møtast tre gongar og diskutere tema som vaksinasjon, rettferdig fordeling av helseressursar og effektiv altruisme.

Første møte vil vere i siste veka i september. Nærare informasjon om tid og stad kjem snart.

NB! Seminargruppa gir ikkje studiepoeng.

Seminargruppa er eit initiativ av Espen Gamlund og Carl Tollef Solberg.

Inneverande semester vil Preben Sørheim og Karl Erik Müller styre gruppa.