Forskningsgruppe for Filosofi og retorikk
Tilhøvet mellom – og konflikten mellom – filosofi og retorikk er eit gamalt og vedvarande aktuelt emne, som kan sporast attende til klassisk tid og oppkomsten av både filosofi og retorikk som eigne vitensfelt. Gjennom tidene har det endra både form og intensitet, men er vorte eit sentralt tema i moderne filosofi og i teoriutviklinga i nærskylde fag som idéhistorie, litteraturvitskap og historie. Frå Platon og Isokrates til Derrida og Skjervheim kan ein tala om ”filosofiens retorikk og retorikkens filosofi” som eit overordna problemfelt med ulike forgreiningar. Forskargruppen vil fremja studiar, forsking og undervisning i skjæringsfeltet mellom filosofi og retorikk, breitt forstått som tilhøvet mellom tenking og framstillingsform, kunnskapsformer og skrivemåtar i filosofiske og retoriske tradisjonar.