Æresdoktor ved institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Professor emeritus Jon Hellesnes ved Universitetet i Tromsø blir den 31. august utnevnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Promosjonen av æresdoktorene skjer i sammenheng med semesterets doktor promosjon som finner sted i Håkonshallen.
Mottakelse for æresdoktor professor Jon Hellesnes.
I forbindelse med UiBs æresdoktorpromosjon den 31. august ønsker Institutt for filosofi og førstesemesterstudier og Senter for vitenskapsteori å markere denne begivenheten med en mottakelse ved institutt for filosofi og førstesemesterstudier.
Under mottakelsen vil professor Jon Hellesnes holde en gjesteforelesning med tittelen:
KONTRA DETERMINISMEN - Ein kritikk som hentar støtte frå transcendentalpragmatikk (Karl-Otto Apel) og analytisk handlingsteori (Georg Henrik von Wright).
Forelesningen vil bli kommentert av professor emeritus Gunnar Skirbekk og Professor Ragnar Fjelland, begge fra Senter for vitenskapsteori.
Forelesningen og den påfølgende mottakelse skjer den:
Dato: 30. august 2012
Tid: kl. 17.15 – 19.00
Sted: Rom 209, Sydnesplassen 12/13
Jon Hellesnes om problemstillinga:
Oppgåva eg stiller meg i foredraget, er å levere ein filosofisk kritikk av såkalla universell kausal determinisme. Det vil seie doktrinen om at vi menneske er utan fri vilje. Den har vore kjend i filosofien frå og med antikken. I tidleg nytid, liksom i seinare periodar, har den hatt ivrige talsmenn. No på 2000-talet er determinismen igjen blitt eit heitt emne i den internasjonale akademiske kulturen. Den er atterreist gjennom den såkalla nevrofilosofien i USA. Litt forenkla kan vi seie at det har skjedd gjennom to steg. Det første steget inneber å føre fram ein ikkje-kontroversiell og allment akseptert vitskapleg tese, nemleg denne: “Den menneskelege hjernen, som er eit nødvendig vilkår for all mental aktivitet, er eit biologisk utvikla organ, og den er, liksom alle organ, blitt til gjennom naturleg seleksjon." Det andre steget blir tatt i og med den høgst kontroversielle påstanden at hjernane våre er identiske med “our minds”, og at fenomenet “brain-mind” berre er eit stykke materie, underlagt dei lover som gjeld for den materielle naturen. Den subjektive erfaringa av å stå fritt til å utføre ei av fleire alternative handlingar ut frå rasjonell overlegging blir følgjeleg degradert til ein rein illusjon. Det er alltid umedvitne elektrokjemiske prosessar i det nevronale nettverket som styrer tankar, ord og gjerningar. Ein av representantane for denne tenkjemåten, Colin Blakemore, seier det slik:
All our actions are products of the activity of our brains. It makes no sense (in scientific terms) to try to distinguish sharply between acts that result from conscious attention and those that result from our reflexes or are caused by disease or damage to the brain (The Mind Machine, 1990:270).
Ein av konsekvensane av den nevrobiologiske versjonen av determinisme, som eg terminologisk forkortar til “nevrodeterminisme”, er at det er meiningslaust å skilje mellom menneske som er og menneske som ikkje er strafferettsleg tilreknelege, for då ingen har fri vilje og evne til autonom, ansvarleg handling, finst det ingen som eigentleg er strafferettsleg tilrekneleg. Ut frå denne radikale tenkjemåten er heile rettsvesenet basert på illusjon og før-vitskapleg overtru. Det er få som uttalar seg så rabiat. Men standpunktet følgjer av nevrodeterminismen.
Heldigvis finst det framståande nevrovitarar (“neuroscientists”) som leverer kritikk av dei som forvandlar nevrovitskap til metafysisk determinisme. Den mest effektive av desse er Raymond Tallis (2011). Men med nevrovitskap kjem ein berre eit stykke på veg. Determinisme er nemleg ikkje eit forskingsresultat innanfor empirisk vitskap, endå om visse ideologar prøver å framstille det slik. Determinisme er derimot ein filosofisk doktrine. Følgjeleg må også kritikken av den vere filosofisk. Så langt har eg alt brukt fleire termar for den posisjonen eg går imot. Ein av dei er “metafysisk determinisme”. Det er eigentleg ein pleonasme, for det finst ingen variant av universell kausal determinisme som ikkje er metafysisk. Termar som “nevrofilosofi”, “fysikalisme”, “eliminativ materialisme” og “nevrodeterminisme” markerer radikalt nye vegar som fører inn i gammal metafysikk.
Alle er hjertelig velkommen til forelesning og mottakelse.
Sist endret: 20.8.2012
Nyheter fra Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
- Kåring av beste studentoppgave på Akademisk skriving (02.11.2012)
- Phd-kurs: “Inclusion and exclusion”: Understanding and developing regimes of integration in the Nordic countries (24.09.2012)
- To nye bokutgivelser ved FoF (16.08.2012)
- Æresdoktor ved institutt for filosofi og førstesemesterstudier (20.08.2012)
- SEMESTERSTART FOR ALLE STUDENTAR PÅ FILOSOFI OG IDÉHISTORIE 20. august 2012 (09.08.2012)
Last ned filer
- mottakelse-for-aeresdoktor-professor-jon-hellesnes.pdf (PDF-fil, 34 Kb)