Filosofi
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den og tek opp forståinga av problem i livet meir generelt.
Gjennom innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar frå antikken fram til og med vår tid, vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Studiar i filosofi omfattar inngåande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.
Studentane får og høve til å fordjupe seg i utvalde filosofiske særemne og vil få trening i å arbeide sjølvstendig med skriftlege oppgåver.
-
Kva er filosofi?
Filosofane har gjennom 2500 år stilt grunnleggjande spørsmål om menneskelivet og verda kring oss, til dømes om vår evne til å nå sann kunnskap om moralske spørsmål og om den fysiske røynda.
-
Emne i utval
Emneomtalar som klart og tydeleg skildrar det faglege fokuset til eit utval av emne som me tilbyr ved vårt institutt.
-
Årsstudium
Studiet legg vekt på at studentane gjennom innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar frå antikken og fram til vår tid, får ei god forståing av filosofien sin eigenart.
-
Bachelorprogram
Bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie har som mål å styrkje studenten si evne til å reflektere over spørsmål som er grunnleggjande for vitenskapleg såvel som meir ålmen forståing av mennesket, av verda, og av tilhøvet mellom mennesket og verda, slik som: "Kva er eit menneske?", "Kva kan vi vite?", "Kva kan vi gjere?" og "Kva kan vi håpe på?".
-
Masterprogram
Ein mastergrad i filosofi skal gje studenten ei djupare forståing av sentrale filosofiske/idéhistoriske problemområde. Det vert lagt vekt på at studenten kan arbeide sjølvstendig med filosofiske/idéhistoriske problem og vise forståing for desse i ein systematisk og historisk samanheng.
-
Internasjonalisering
Mange studentar ønskjer å kombinere sine studiar ved Universitetet i Bergen med studiar ved eit utenlandsk universitet. Eit utenlandsstudium er gjevande på mange måter.