Internasjonalisering
Mange studentar ønskjer å kombinere sine studiar ved Universitetet i Bergen med studiar ved eit utenlandsk universitet. Eit utenlandsstudium er gjevande på mange måter.
- Språk: Du blir aldri like «flytande» omdu blir verande i Noreg! Du kan alt engelsk, så prøv gjerne eit anna framandspråk! Da får du også tilbod om svært gode stipend til språkkurs.
- Personleg vekst: Å stå på eigne ben gjer deg tryggare! Dessuten får du eit internasjonalt kontaktnett og auka forståing for andre kulturar.
- Fagleg utvikling: Du kan utvide horisonten din i eit fagleg miljø som supplerer og styrkjer utdanninga frå Noreg.
- Jobb: Arbeidsgjevarar føretrekker svært ofte søkjarar med internasjonal erfaring.
- Økonomi: Studielånet varer lengre i land med lågare prisar. Lånekassen gjer ekstra stønad til reiser og språkkurs. Med stipend frå Erasmus eller Nordplus får du endå meir pengar å rutte med!
Det humanistiske fakultet og Universitetet i Bergen har studieplassar ved mange universitet verda over som du kan søkje om å få ta nytte av. Når du tek delstudiar i utlandet studerar du og tek eksamen saman med dei ordinære studentene ved det aktuelle universitetet.
Dei ulike bachelorprogramma tilbyr tilrettelagte delstudiar i utlandet på eitt til to semestre som ein del av graden. For å få vite meir om desse moglegheitane kan du ta kontakt med studierettleiar på programmet ditt. Filosofi har også eige utvekslingsavtalar via Erasmus- og Nordplusprogrammene. Det er også mogleg å studere ved andre universitet enn dei som vert anbefalt av programmet eller faget. Det er ein føremon å ha litt studieerfaring frå Norge før ein tek seg eit utenlandsopphold, og FOF prioriterer derfor å sende ut studentar som frå før av har studert minst eitt år på 100-nivå. Det er likevel aldri for tidleg å begynne å vurdere moglegheita for å ta studiepoeng i utlandet, og korleis du vil leggje opp studieløpet ditt i samband medt det.
Meir informasjon om utveksling ved UiB finn du på lenka under. På disse sidene finner du ei fullstendig liste over alle UiB sine samarbeidsuniversiteter, informasjon om kor du kan reise, søknadsfrister, søknadsprosessen, søknadsskjema, finansiering av studier i utlandet, tips om når i studiet det er lurt å reise samt studentrapporter frå studentar som har vore ute. Ver merksam på at enkelte land har semesterstart og -slutt på heilt andre tidspunkt enn vi har i Noreg.
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Har du spørsmål knytta til utveksling i samband med ei spesialisering i filosofi, kontakt ein av studieveilederne våre:
Vigdis Kvam: Vigdis.Kvam@fof.uib.no, tlf: 55582149
Ståle Melve: Stale.Melve@fof.uib.no, tlf: 55583271
Sist endret: 22.2.2010
- Internasjonalisering
- Studentmobilitet