Gå til innhold
English A A A

Kva er filosofi?


Filosofane har gjennom 2500 år stilt grunnleggjande spørsmål om menneskelivet og verda kring oss, til dømes om vår evne til å nå sann kunnskap om moralske spørsmål og om den fysiske røynda.

Filosofien prøver å finne ut kva slags tenking som er gyldig og korleis ein kan grunngjeve ulike standpunkt om kva som er sant, moralsk riktig eller høgverdig og skjønt.

Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den og tek opp forståinga av problem i livet meir generelt. Gjennom innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar frå antikken fram til og med vår tid, vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).

Studentane vil få omfattande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.

Studentane får og høve til å fordjupe seg i utvalde filosofiske særemne og vil få trening i å arbeide sjølvstendig med skriftlege oppgåver.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier driftar bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie. Ein kan også spesialisere seg i filosofi på andre bachelorprogram. Dette gjeld:

  • Bachelorprogram i kjønnsstudium
  • Bachelorprogram i kognitiv vitskap

For meir informasjon om programma klikk på lenkene opp til høgre.

Sist endret: 11.11.2010