Gå til innhold
English A A A

Examen facultatum - Tekst og kultur


Tekst og kultur skal gje studentane ei generell innføring i dei humanistske faga, deira grunnlagsproblem og eigenart. Tekst og kultur er ei historisk og metodisk tilvenjing til omgrep som er overordna i dei humanistiske vitskapane, med vekt på tolking, retorikk, teiknlære og estetikk.

Studentane skal verte kjend med mangfaldet i og samanhengane mellom faga ved Det humanistiske fakultet. Tekst og kultur gjev ei innføring i særskilde fagområde som litteraturvitskap, nyare medier, kunsthistorie, kulturvitskap, historie og kjønnsforsking. Emnet skal gje eit analytisk og metodisk grunnlag for vidare studier i dei humanistiske faga. Emnet tek sikte på å fremje ein reflekterande haldning til dei humanistiske faga, også i eit historisk og sosialt perspektiv.

Studenten velgjer mellom to undervisningformar: seminarmodellen og skuleeksamen. Studentene som velgjer skuleeksamen følgjer førelesningar ein dobbeltime pr. uke og går opp til skuleeksamen ved slutten av semesteret. Studentene som velgjer seminarmodellen følgjer vanlege førelesningar og møter i tillegg på obligatoriske seminar. I løpet av semesteret skriv studenten ein seminaroppgåve på ca. 2500 ord om et tema gjeve eller godkjend av seminarleiar. For å få vurdert seminaroppgåva må også ulike obligatoriske arbeidskrav vere oppfylt.

Om du lurer på noko i samband med examen facultatum - Tekst og kultur kan du kontakte oss på e-postadressa: exfac-hf@uib.no

Du finn også meir informasjon om skuleeksamen og seminarmodellen på linkane under:

Sist endret: 3.6.2009