Idéhistorie
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier tilbyr frå hausten 2010 spesialisering i idéhistorie innan bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie, samt idéhistorie som studieretning innan masterstudiet i filosofi.
Det nye faget har sitt opphav i tre idéhistorieemne som i si tid blei utvikla i samband med bachelorprogrammet i idéfag. I tillegg til faga frå det opphavlege idéfagsprogrammet (kultur-, litteratur-, og religionsvitskap), har allereie AHKR signalisert ynskje om å få historiefaget inkludert. I fyrste omgang vil dette samarbeidet innebere at studentane både kan velje utvalte emne fra dei aktuelle faga i sin bachelorgrad, og at dei vil kunne få biveileder frå andre fag i tillegg til rettleiaren frå FoF.
-
Kva er idéhistorie?
Idéhistorie handlar om dei idémessige strøymingane som har hatt størst innverknad på tenkjemåtane våre, handlingsmønstra våre og sjølvforståinga vår.
-
Bachelorprogram
Bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie har som mål å styrkje studenten si evne til å reflektere over spørsmål som er grunnleggjande for vitenskapleg såvel som meir ålmen forståing av mennesket, av verda, og av tilhøvet mellom mennesket og verda, slik som: "Kva er eit menneske?", "Kva kan vi vite?", "Kva kan vi gjere?" og "Kva kan vi håpe på?".
-
Masterprogram
Ein mastergrad i filosofi skal gje studenten ei djupare forståing av sentrale filosofiske/idéhistoriske problemområde. Det vert lagt vekt på at studenten kan arbeide sjølvstendig med filosofiske/idéhistoriske problem og vise forståing for desse i ein systematisk og historisk samanheng.