Gå til innhold
English A A A

Kva er idéhistorie?


Idéhistorie handlar om dei idémessige strøymingane som har hatt størst innverknad på tenkjemåtane våre, handlingsmønstra våre og sjølvforståinga vår.

Idéhistorie er eit studium kor ein legg til rette for at studenten skal opparbeide ei forståing av mennesket som eit historisk og kulturelt vesen og vidare undersøkje kva dette inneber. Studentane skal studere handlingsmønstra og mentaliteten i den (moderne) vestlege kulturen. I denne samanhengen får studentane innblikk i periodar innan den (vestlege) europeiske idéhistoria der ein kan peike på dei endringane som har gitt stor innverknad på utviklinga av kulturen vår. Politiske og sosiale idéar har difor ein sjølvskriven plass i faget, mellom anna gjennom å studere idéar som er knytte til retten til å tenkje fritt, toleranse, den rolla fornufta har spelt, kjenslene og deira rolle, etc. Studiet av idéar og tankeformer reiser spesielle metodiske spørsmål. Difor vektlegg og studiet nokre av dei metodologiske problema tverrfagleg og fleirfagleg arbeid inneber.

Studentane får høve til å fordjupe seg i utvalde idéhistoriske særemne og vil få trening i å arbeide sjølvstendig mot ei djupare innsikt i idéhistoriske metodar og problemstillingar.

 

Sist endret: 23.2.2010